Går i fakkeltog mot giftdeponi i Nesset

Det er stor motstand mot planen om å bygge eit deponi for farleg avfall i Nesset og laurdag vart dette markert med fakkeltog. Innbyggjarane fryktar at fjorden og grunnvatnet skal bli forureina.

Hanne Iren Dalen og Vanessa Hagen i fakkeltog med giftdeponi på Nesset

hid
Hanne Iren Dalen og Vanessa Hagen er arrangørane bak fakkeltoget mot giftdeponi på Rausand i Nesset. FOTO: ROAR STRØM / NRK

– Dersom alle saman engasjerer seg, trur eg at vi saman klarer å stoppe deponiet, seier Amanda Grande Eikås (19). Ho er ei av dei som møtte opp for å gå i fakkeltog i Tingvoll, nabokommunen til Nesset.

Nesset kommune og selskapet Bergmesteren ynskjer å etablere eit nasjonalt mottak for farleg industriavfall. Anlegget på Langøya i Oslofjorden er snart fullt, og Nesset er dermed eitt av to alternativ som blir vurdert. Det andre er Brevik i Telemark.

Avfall i fjellhallar

I Nesset er planen å bygge enorme hallar inne i fjellet på Raudsand og lagre giftig avfall frå store deler av Nord-Europa. Motstanden mot deponiet er stor både blant innbyggjarane i Nesset og i nabokommunane. Folk fryktar at det skal lekke gift frå fjellet og ned i fjordsystemet. Tidlegare har det vore gruver i dette området.

– Eg ynskjer å bu her når eg vert vaksen og dersom heimplassen min vert øydelagt, kan eg ikkje det, seier Amanda Grande Eikås. Ho hadde så sterk heimlengsel då ho budde vekk eit år for å gå på skule, at ho flytta heim. Då ho fekk høyre om det planlagde giftdeponiet vart ho sjokkert. Skrekken hennar er at alle attraksjonar som Atlanterhavsvegen og Mardalsfossen skal verte øydelagt av forureining.

…………………………………………

https://www.nrk.no/mr/gar-i-fakkeltog-mot-giftdeponi-i-nesset-1.13876639