Planlegg gjenvinning frå farleg avfall

Bergmesteren og Stena Recycling planlegg no eit større gjenvinningsanlegg på Raudsand. Med ny teknologi skal farleg avfall bli til ufarleg avfall, og verdfulle stoff kan hentast ut. Aktørane legg no fram eit tillegg til KU om dette.

………………………….

– «Bombe»

Det er Geir Sørensen, seniorrådgivar i Stena Recycling, som utformar tilleggsinformasjon om gjenvinningsprosessen. Han opplyser at dei nye opplysningane skal leggast inn i KU av Norconsult i løpet av dei nærmaste dagane. Sørensen karakteriserer den nye teknologien som ei «bombe».

– I positiv forstand! Med Stenas patenterte «Halosep»-metode som no er under uttesting, kan restaska etter behandling i Danmark kategoriserast som ikkje farleg avfall, seier Sørensen. Han forklarer at med denne metoden kan ein ta ut 70 prosent av tungmetall, og nesten alt av salt, og gjenbruke desse komponentane.

– Er dette ferdig utprøvd teknologi?

– I Stenas testanlegg ser vi at dette fungerer i ein mindre målestokk. Det er svært lovande, vi legg til grunn at dette også fungerer i større målestokk, seier Sørensen.

………………………………………………………..

STORE PLANAR:  Slik tenker Bergmesteren Raudsand og samarbeidspartnarane seg at anlegget på Raudsand kan bli.             (Foto: SKISSE: BERGMESTEREN RAUDSAND AS)
STORE PLANAR: Slik tenker Bergmesteren Raudsand og samarbeidspartnarane seg at anlegget på Raudsand kan bli. FOTO: SKISSE: BERGMESTEREN RAUDSAND AS

http://www.rbnett.no/pluss/2018/01/21/Planlegg-gjenvinning-fr%C3%A5-farleg-avfall-15944549.ece