Få svar om plassering av deponi for farleg avfall

Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen (V) vil ikkje avklare særleg mykje om kva han tenker om nasjonalt deponi for farleg avfall.

KLIMA- OG Miljøminister: Statsråd Ola Elvestuen seier han ikkje har gjort seg opp meining om kor deponi for farleg avfall bør ligge, Brevik i Porsgrunn, eller Raudsand i Nesset. Bildet er tatt tidlegare.                       (Foto: Berit Roald / NTB Scanpix)
KLIMA- OG Miljøminister: Statsråd Ola Elvestuen seier han ikkje har gjort seg opp meining om kor deponi for farleg avfall bør ligge, Brevik i Porsgrunn, eller Raudsand i Nesset. Bildet er tatt tidlegare.   FOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX

Torsdag vedtok kommunestyret i Nesset å sende Bergmesteren Raudsands reguleringsplan for deponi ut på offentleg høyring.

Same dag møtte ein delegasjon lokale deponi-motstandarar klima- og miljøvernministeren i Oslo.

– Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen, kva er ditt inntrykk etter møtet?

– Eg fekk kunnskap om planane på Raudsand sett frå deira synsvinkel, det var altså ei orientering. Frå departementets side er det ikkje snakk om å involvere seg i den lokale prosessen no, det er Nesset som planmyndighet som styrer dette, seier Elvestuen. Og kan opplyse at han har vore på Raudsand; ikkje på befarig som minister, men som Venstre-politikar.

– I Nesset er det delt syn på ei muleg etablering av deponi, har du også kontakt med ordførar og dei som er for?

– Nei. Eg har hatt møte med dei som tek kontakt direkte hit.

…………………………………………………..

(pluss-artikkel)

http://www.rbnett.no/pluss/2018/03/25/F%C3%A5-svar-om-plassering-av-deponi-for-farleg-avfall-16359261.ece