– Vi betalte turen sjølve

Etter invitasjon frå Bergmesteren Raudsand, besøkte Nesset Høgre sist veke Stena-anlegg i Danmark og Sverige. Resten av kommunestyret avsto.

TAKKA JA: Delegasjonen frå Nesset på besøk på Stena-anlegget i København. F.v. Per Olav Eidsæter, Arild Svensli, Erik Rasmussen og Geir Sørensen, Stena, Ulrik Molton, Nesset Næringsforum, ordførar Rolf Jonas Hurlen, Ole Einar Stolsmo og Edith Kristine Sveum Bjerkeseth.          
            (Foto: PRIVAT)
TAKKA JA:Delegasjonen frå Nesset på besøk på Stena-anlegget i København. F.v. Per Olav Eidsæter, Arild Svensli, Erik Rasmussen og Geir Sørensen, Stena, Ulrik Molton, Nesset Næringsforum, ordførar Rolf Jonas Hurlen, Ole Einar Stolsmo og Edith Kristine Sveum Bjerkeseth.   FOTO: PRIVAT

…………………………………………………………..

– Prioritering

– Vi ønska at flest muleg skulle vere med, og sende også påminning til dei andre gruppeleiarane i kommunestyret. Dei fann at det ikkje passa, eller at dei ikkje ville prioritere det – det kan også ha med økonomi å gjere, seier Hurlen.

– Kven betalte for turen?

– Vi måtte dekke turen sjølve, og betalte reise og opphald, seier Hurlen, utan å ville spesifisere beløp som vart brukt.

– Kan det vere prinsipielt uheldig med «synfaring» som ikkje alle har høve til å delta på?

– Nokon vil kanskje sjå det slik, men eg tenker at det er bra at nokon prioriterer å innhente meir kunnskap i ei så stor sak. Så lenge det har vore openheit om turen, og andre også hadde tilbod om å vere med, ser eg ingen problem med dette.

………………………………………..

http://www.rbnett.no/pluss/2018/04/24/%E2%80%93-Vi-betalte-turen-sj%C3%B8lve-16554991.ece