Staten må ta meir ansvar

Sørheim meiner det er usikkert kva avfall som ligg i Deponi 2 på Raudsand, og krev at avfallet må undersøkast nærare. Ho etterlyser at staten tek meir ansvar.

DEPONI 2: Titusenvis av storsekkar med avfall ligg deponert i terrenget i Bergmesteren på Raudsand. Organisasjonen «Jeg velger meg et giftfritt Nesset» meiner staten må kartlegge innhaldet.         
            (Foto: ANITA VINGEN)
Titusenvis av storsekkar med avfall ligg deponert i terrenget i Bergmesteren på Raudsand. Organisasjonen «Jeg velger meg et giftfritt Nesset» meiner staten må kartlegge innhaldet.  FOTO: ANITA VINGEN

I brev til Miljødirektoratet tek organisasjonen «Jeg velger meg et giftfritt Nesset» opp situasjonen for Deponi 2-området på Bergmesteren Raudsand, der store mengder «Big Bags» med avfall ligg i terrenget.

– Farleg avfall

– Storsekkane inneheld saltslagg frå aluminiumsindustrien, og har lege her sidan 2004. Dette er farleg avfall, heiter det mellom anna i brevet. Det vert også poengtert at sekkane ligg ope og eksponert for ver og vind, og i stor grad er i ferd med å gå i oppløysing, med avrenning frå terrenget til fjorden.

– Må kartleggast

Kristin Sørheim, leiar for organisasjonen, utdjupar at ho er svært uroleg for tilstanden, og etterlyser at staten tek meir ansvar for avfallet og for området.

– Vi meiner det burde vore gjort undersøkingar av det som ligg her, seier Sørheim til Romsdals Budstikke.

…………………………………………………………………………..

https://www.rbnett.no/nyheter/2018/09/29/%E2%80%93-Staten-m%C3%A5-ta-meir-ansvar-17600786.ece