Vil krympe deponibehov

Fleire avfallsanlegg ønsker å vere først ut med OiWs metode for reinsing av flygeaske. Klimaministeren opnar no bedriftas pilotprosjekt, og snart kan det bli testing i full skala.

Molde og Porsgrunn:  Dagleg leiar ved Porsgrunn-avdelinga Susan Heldal og styreleiar Albert Buer (t.h.) var tidlegare denne veka i Molde. Bak dagleg leiar ved Molde-avdelinga, Jan Gregor Høydahl Sørli. Desse tre starta opp bedrifta.                      (Foto: BJØRN BRUNVOLL)
Molde og Porsgrunn:Dagleg leiar ved Porsgrunn-avdelinga Susan Heldal og styreleiar Albert Buer (t.h.) var tidlegare denne veka i Molde. Bak dagleg leiar ved Molde-avdelinga, Jan Gregor Høydahl Sørli. Desse tre starta opp bedrifta.  FOTO: BJØRN BRUNVOLL

– Vårt mål er å kunne reinse og gjenbruke farleg avfall, og dermed redusere behovet for deponi. Med teknologien som no er klar for utprøving, meiner vi dette vil kunne bli ein realitet i løpet av kort tid, seier Jan Gregor Høydahl Sørli, leiar for moldeavdelinga ved Oiw Process AS.

Pilot

OiW har avdeling i Molde og i Porsgrunn – det er i Porsgrunn at bedriftas pilotprosjekt torsdag vert opna av klimaminister Ola Elvestuen. OiW har sidan 2015 jobba med teknologi for reinsing av flygeaske frå søppelforbrenningsanlegg, som ubehandla er farleg avfall og aktuell for deponi.

– Med metoden ufarleggjer ein det farlege avfallet. Ein skil ut metall frå aska, også den er i reinsa form ein ressurs, seier Høydahl Sørli.

Reinsing lokalt

– Bergmesteren/Stena vil gjenvinne med Halosep-metoden på Raudsand – kva er forskjellen?

– Vi har ein litt anna tenkemåte; vi vil resirkulere alt og unngå å deponere. Vi tenker også at reinsing og gjenvinning bør gjerast lokalt, ute på forbrenningsanlegga.

………………………………………….

https://www.rbnett.no/pluss/2018/10/17/Vil-krympe-deponibehov-17709119.ece