Gir ikkje opp

Harald Storvik i Bergmesteren Raudsand er ikkje overraska over Miljødirektoratets uttale, men tenker ikkje å gi opp.

Harald Storvik, dagleg leiar for Bergmesteren Rausdand.         
            (Foto: Bjørn Brunvoll)
Harald Storvik, dagleg leiar for Bergmesteren Rausdand.  FOTO: BJØRN BRUNVOLL

……………………………………..

– Så du gir ikkje opp?

– Nei. Vi har invester 25–30 millionar kroner i dette, da legg ein det ikkje bort utan vidare, seier Storvik.

Han skal seinare i dag torsdag ha møte med sine samarbeidspartnarar Stena og Veidekke, for å vurdere kva dei no skal gjere vidare.

– Vi har uansett fleire ting vi jobbar med, om det skulle bli slik at det ikkje vert aktuelt med deponi for farleg avfall. Men vi må naturlegvis få avklart om direktoratets uttale   faktisk betyr nei til Raudsand – vi oppfattar det som sagt som at det vert etterspurt meir informasjon, seier Storvik.

https://www.rbnett.no/nyheter/2018/11/01/Gir-ikkje-opp-17798766.ece