Melder seg ut av Frp

Tone Skjørsæther melder seg ut av Framstegspartiet, skriv Driva. Ho har vore den einaste representanten til partiet i kommunestyret i Nesset. Grunnen til utmeldinga er usemje rundt deponiplanane på Raudsand. Skjærsæther seier at ho har fått inntrykk av at ho kan bli ekskludert og ønskjer å kome eit slikt vedtak i forkjøpet. Framstegspartiet er motstandarar av deponiet, men Skjærsæther seier til Driva at ho ønskjer å gjere seg opp si eiga meining.

https://www.nrk.no/mr/melder-seg-ut-av-frp-1.14342112