Venta ferdigstilt i vår

Arbeidet med reguleringsplanen for Raudsand som omfattar muleg etablering av deponi for farleg avfall, er svært ressurskrevjande og tek tid. Ny målsetting for framlegging av saka er «i løpet av våren».

………………………………………………………..

– Hentar kommunen inn synspunkt frå andre fagmiljø?
– Nei, vi legg til grunn KU lagt fram av tiltakshavar, og ser på den som tilstrekkeleg.
– Da Miljødirektoratet i haust vurderte Bergmesterens KU, oppga direktoratet at den mangla viktig informasjon – er den da tilstrekkeleg for kommunen?
– Vi er no i ein prosess der vi vurderer ting, så får vi sjå på om det er nok. Vi køyrer vår prosess, og har ikkje dialog med direktoratet om dette.
– Kva med motsegner frå nabokommunane?
– Dette er motsegn av ein annan type, som ikkje går på plantekniske forhold, men meir er av politisk karakter; at dei er imot sjølve etableringa. Dette må vi ta i ein seinare fase, det er ikkje avklart når. Her er det også aktuelt at Fylkesmannen kjem inn i bildet med mekling, seier Frydenlund.

………………………………………………………

Artikkel i papirutgava av Anita Vingen i Romsdals Budstikke lørdag 5.1.2019

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/01/04/Reguleringsplan-for-Raudsand-venta-ferdig-i-v%C3%A5r-18188781.ece