Deponi-avgjerd snart

Departementet seier «ingen kommentar», men opplyser at avgjerd om deponi ikkje ligg langt fram i tid.

………………………………………………..

– Kan ny teknologi heilt kunne eliminere behovet for deponi?

– Det er eg ikkje i stand til å svare på. Per i dag er det nok ikkje slik, men her treng vi altså meir kunnskap.

– Statsråden opna i haust OiWs pilotprosjekt i Grenland, korleis vurderer ein dette?

– Dette er ei bedrift med eit utviklingsprosjekt som vi ser på med interesse.

– Bergmesteren Raudsand AS vil også etablere gjenvinningsanlegg, korleis ser ein på det?

– Vi er kjende med det, og har elles ingen synspunkt på det, seier Hamar.

– Snart avklart

– Når vert det tatt avgjerd i deponisaka?

– Det ligg ikkje langt fram i tid.

– Kva betyr det?

– Det kan eg ikkje seie.

– Nesset kommune er i gang med reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand, vil avgjerd i departementet bli tatt før denne er ferdig og vedtatt?

– Vi har fått signal om at Nesset kommune stiller seg bak Bergmesterens planar. Men som sagt vil eg ikkje kommentere departementets tidsperspektiv, seier Hamar.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/02/20/%E2%80%93-Deponi-avgjerd-snart-18513211.ece