Ukjent for ordføraren

Nessetordførar Rolf Jonas Hurlen (H) har ikkje høyrt om nokon ny deponi-lokalitet.


ORDFØRAR: Rolf Jonas Hurlen (H).  FOTO: BJØRN BRUNVOLL

Hurlen opplyser han ikkje kjenner til at det skal vere aktuelt med ein ny lokalitet for nasjonalt deponi for farleg avfall.

– Nei, dette er ukjent for meg, seier Hurlen.

– Kva tenker du om at departementet melder at dei vil komme med avgjerd om kort tid, medan Nesset enno jobbar med reguleringsplanen for Raudsand?

– Heilt uavhengig av departementet og avgjerd om deponi, så må vi ha på plass reguleringsplan for Raudsand. Det er vårt største industriområde, og vi må ha ny reguleringsplan uansett kva aktivitet som skal vere der, seier Hurlen.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/02/20/Ukjent-for-ordf%C3%B8raren-18513212.ece