Teknologi vil ta bort behovet for deponi

Nye teknologiske løysingar vil kunne eliminere behovet for deponi. Det meiner Steinar Reiten, som med Stortingets næringskomité nyleg besøkte pilotanlegg for reinsing av farleg avfall.

Eg støttar Pål Farstad i synet på at det ikkje treng å bli deponi for farleg avfall verken på Raudsand eller i Brevik. I løpet av 5–10 år vil forsking og teknologi gjere det muleg å bearbeide farleg avfall til ufarleg avfall, seier Steinar Reiten, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal KrF og medlem av Stortingets næringskomité.

– Har sine ord i behald

Nyleg var komiteen på rundtur i Grenlandsområdet, og besøkte mellom anna bedrifta OiW, som no er i gang med eit pilotprosjekt der flygeaske frå avfallsanlegg vert reinsa.

– Forskinga dei gjer der er veldig spennande, den kan føre fram til at avfall som flygeaske, som i dag er farleg avfall, kan reinsast. Da har vi den andre store komponenten igjen, nemleg syre. Andre land har allereie krav om reinsing av syra, dette er muleg. Så Pål har nok sine ord i behald; i løpet av få år kan vi klare å løyse dette på andre måtar enn ved deponi, seier Reiten.

– Meiner du at behovet for deponi da vil falle bort?

– På litt sikt kan det bli situasjonen, ja. Eg håper det, så vil diskusjonen som pågår no, falle død. Føresetnaden er at ein får til ei kommersialisering, at reinsinga vert del av den sirkulære økonomien. Her vert det ei viktig oppgåve for både meg og Pål Farstad å stå på for å få midlar til forskinga på området, seier Reiten.

– Men tida er vel knapp, dagens deponi på Langøya er snart fullt?

– Forskinga pågår for fullt, snart skal ein i gang med utprøving på anlegget på Haraldrud i Oslo, då vil ein få vite meir. Men enno er det mange uavklarte spørsmål, men eg håper og trur at ein kan finne løysingar som gjer det muleg å løyse dette utan deponi, seier Reiten.

Lokal skepsis

Og poengterer at KrF uansett er imot Raudsand som lokalitet:

– Vi har gått til val på at vi ikkje vil ha deponi i Møre og Romsdal, og det står vi på.

– Bergmesteren har også planar om reinseanlegg, med Stenas Halosep-metode?

– Ja, det er bra at fleire forskar på dette, men Raudsand er feil stad. Det aller meste av det norske avfallet vert produsert på Austlandet, da vert det eit heilt feil konsept å frakte det halve norskekysten rundt. Dette i tillegg til den betydelege miljøproblematikken på Raudsand. Må ein ha fjellhallar, så kan det skje kor som helst i landet.

– Men Nesset kommune treng arbeidsplassar, og har uttrykt seg positivt?

– Deler av Nesset er positive, dette er ikkje eintydig. Våre folk, og mange andre, er skeptiske, seier Reiten.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/02/25/%E2%80%93-Teknologi-vil-ta-bort-behovet-for-deponi-18543911.ece

https://www.driva.no/nyheter/2019/02/26/%E2%80%93-Teknologi-vil-ta-bort-behovet-for-deponi-18546268.ece