«Vi har tenkt såpass fritt at vi har sett for oss ein restaurant på toppen»

Styret for Raudsand Gruvemuseum vil verne heistårnet på det tidlegare gruveområdet på Raudsand. Fylkeskonservatoren støttar planane.

landemerke: Heistårnet er eit landemerke i bygda. No blir det jobba for å få tårnet verna, restaurert og opna for publikum.  
        
            (Foto: Freddy Svensli.)

Heistårnet er eit landemerke i bygda. No blir det jobba for å få tårnet verna, restaurert og opna for publikum.   FOTO: FREDDY SVENSLI.

I samband med høyringa til reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand signaliserte både fylkeskonservatoren og styret for Raudsand Gruvemuseum at det karakteristiske heistårnet/ sjakttårnet bør vernast. Heistårnet blir omtala som den einaste intakte bygninga som representerer utbygginga og moderniseringa av eit mellomstort malmbergverk frå industriell tid. No ventar styreleiar for gruvemuseet, Svein Roset, på at prosessen skal skyte fart for slik å få vernevedtaket på plass.

Buffersone på 10 meter

– Det var Fylkeskonservatoren som hadde utspelet. Etaten skriv i sin høyringsuttale at tårnet bør vernast med ei buffersone på 10 meter rundt bygget.

I styret for gruvemuseet har vi teke dette vidare og er veldig interessert i å få til eit vern. Vi har bedt Nesset kommune starte sakshandsaming for å få på plass eit vern i samarbeid med fylkeskommunen.

Roset peikar på at staten og fylkeskommunen har eit ansvar når det kjem til vedtak om vern og oppfølging av eit slikt vedtak.

Restaurant på toppen?

Roset skriv i brevet styret for gruvemuseet har sendt til kommunen at dei har gjort seg foreløpige tankar om kva tårnet kan nyttast til etter at det er rusta opp og nødvendige sikringstiltak er på plass.

– Det skal satsast på reiseliv og turisme i nye Molde kommune. Tårnet må leggast til rette slik at folk kan kome inn og få eit innblikk i kva som gjekk føre seg der. Det vil vere interessant for mange å få eit innblikk i gruveverksemda gjennom gaiding. Vi har og tenkt såpass fritt at vi har sett for oss ein restaurant på toppen. Det hadde vore noko!

– Vil eit vern av heistårnet kome i konflikt med deponiplanane?

– Nei, ikkje i det helie tatt. Tårnet er ikkje tenkt til noko som har med deponiplanane å gjere. Tida er komen for å gjere noko med tårnet. Det har stått slik i mange år. Slik vi ser det må det entes rivast eller vernast.

Roset er klar over at det vil bli kostbart å renovere og legge til rette tårnet for å kunne ta i mot folk, men trur det er muleg å få finansiering på plass.

……………………………………………….

https://www.driva.no/nyheter/2019/03/04/Vi-har-tenkt-s%C3%A5pass-fritt-at-vi-har-sett-for-oss-ein-restaurant-p%C3%A5-toppen-18586453.ece

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/03/08/%C2%ABVi-har-tenkt-s%C3%A5pass-fritt-at-vi-har-sett-for-oss-ein-restaurant-p%C3%A5-toppen%C2%BB-18588691.ece