Det hastar med ei avklaring


FOTO: VIDAR RUUD / NTB SCANPIX

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Else-May Botten meiner at Klima- og miljøministeren no må ta ansvar og få ei rask avklaring på kvar eit nasjonalt deponi for farleg avfall skal ligge. Botten tek difor opp saka i spørjetimen på Stortinget i dag. Raudsand i Nesset og Brevik i Telemark er dei to alternativa som står igjen for plassering av eit slikt deponi. – Det brenn under føta på dei. Det hastar med ei avklaring av kvar eit deponi skal ligge og det er eit folkekrav at det er tryggast mogleg, seier Botten.

https://www.nrk.no/mr/_-det-hastar-med-ei-avklaring-1.14459585