Fylkesutvalet opprettheld motsegn

Fylkesutvalet opprettheld motsegn mot reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand AS i Nesset kommune med heimel i miljømåla regional vassforvaltingsforvaltingsplan.

Tove-Lise Torve fremma forslag om å oppretthalda motsegna.

Tove-Lise Torve (AP) fremma på vegner av seg sjølv, Per Vidar Kjølmoen (Ap), Gunn Berit Gjerde (V), Iver Nordseth (V), Jan Ove Tryggestad (Sp), Mette Belden (Uavh.), Arild Iversen (KFR) og Frank Sve (FRP) følgjande forslag:

«Fylkesutvalet opprettheld motsegn mot reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand AS i Nesset kommune med heimel i miljømåla regional
vassforvaltingsforvaltingsplan.

Fylkesutvalet ser ikkje at det er utgreia og godtgjort korleis utsleppa skal reduserast, og dei ekstra utsleppa vil komme i konflikt med miljømåla som er sett.

Fylkesutvalet understrekar som i vår tidlegare fråsegn at anlegget kan føre til vesentleg tap av det omdømet Møre og Romsdal har som naturbasert reiselivsdestinasjon og som marin matvareprodusent, og dermed også vere negativt for framtidig vekst og næringsliv i fylket.»

Forslaget vart vedtatt mot Høyre sine stemmer.