Raudsand vert verken meir eller mindre aktuell som deponilokalitet etter dette, ifølgje statssekretær Atle Hamar.
Dette får det vere opp til Gjelsten å meine og ta stilling til. Det er også slik at det er opp til den som forureinar å ta ansvar for at avfall vert teke hand om på forsvarleg vis, seier statssekretær Atle Hamar i Klima- og miljødepartementet på spørsmål om kommentar til saka i VG.
– Kom utspelet frå Gjelsten overraskande?
– Vi tek det til etterretning, så får vi sjå kva det betyr.
– Kva konsekvensar vil dette få for Raudsand som alternativ lokalitet?
– Dette betyr ikkje noko nytt med tanke på vurdering av Raudsand som alternativ.
– Men om ein av to aktuelle lokalitetar vert mindre aktuell, kan det da bety at den andre – altså Raudsand – vert meir aktuell?
– Det Gjelsten seier, betyr ikkje noko med tanke på kor aktuelt Raudsand kan vere som alternativ. Raudsand er verken meir eller mindre aktuell, seier Hamar.
– Vil staten no ta ei meir aktiv rolle i arbeidet med å få på plass nasjonalt deponi for farleg avfall?
– Dette er ei sak vi gir høg prioritet, vi jobbar no med å få på plass eit ekspertutval. Dei skal sjå på alle mulegheiter, ikkje minst skal dei sjå på teknologisporet.
– Vil teknologi kunne eliminere behovet for deponi?
– Det er ikkje gitt. Men vi skal utgreie det.
– Men ting tek tid, og tida er vel knapp?
– Ja. Men vi har hatt dette departementet eitt år, og jobbar tungt med saka. Den var også kjent før vi tok over, så du får spørje dei som sat her før.