Danskane kan velte norsk søppelimperium

I Noreg rasar debatten om kor ein skal leggje eit nytt deponi for farleg avfall. I Danmark utviklar dei ein ny reinsemetode som kan revolusjonere avfallsindustrien.

FØLGJER MED PÅ PROSESSEN: Geir Allum Sørensen er utleigd til svenske Stena metall, og følgjer utviklinga av Halosep-metoden i Danmark tett.
FOTO: JOHN-ANDRE SAMUELSEN

………………………………………………………

Departementet vil vurdere metoden

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) skal bestemme om NOAH får utvide drifta, og bruke Dalen gruver i Brevik til deponering av det farlege avfallet sitt.

Han er positiv til at det kjem nye løysingar som kan reinske flygeoske. Han har difor valt å utsetje avgjerda. Slik at eit ekspertutval kan sjå på alternative løysingar som kan vere betre enn eit deponi i Brevik.

– Porsgrunn kommune har sagt nei til deponi. Da må me sjå på alternativa, seier Elvestuen.

Ministeren stadfester at Halosep er ei av løysingane utvalet skal sjå på. Om utvalet finn fram til ei god løysing, som reduserer mengda farleg avfall, vil det ha mykje å seie for kva løysing departementet går for.

Elvestuen er tydeleg på at han vil setje miljø framfor økonomi når dei skal gjere eit endeleg vedtak.

………………………………………………………

Storsatsing i Nesset

Om lag ein tredjedel av flygeoska NOAH handterer på Langøya kjem frå Danmark. Oske dei mest sannsynleg vil miste om Halosep-metoden lukkast.

– Me vil merke det, men det er ikkje dramatisk for produksjonen, seier Hartmann.

Men skulle danskane lukkast med reinsemetoden, står andre aktørar i Noreg klare til å utfordre NOAH.

I Nesset kommune i Møre og Romsdal planlegg dei eit avfallsanlegg på Rausand. Anlegget er eit alternativ til Langøya og Brevik.

Dei satsar på den danske reinsemetoden, og ønsker å byggje anlegget fire gonger større enn dei gjer i Danmark.

– Da kan me ta imot alt farleg avfall i Noreg. Me reknar med å kunne vinne att om lag 50 prosent, seier Geir Allum Sørensen. Han er ein av dei som står bak prosjektet på Rausand.

Avfallet som ligg igjen etter reinskinga vil dei lagre i store hallar i fjellet. Hallane byggjer dei for å vere sikre på at dei har ein plass å lagre avfallet.

Forskjellar i dansk og norsk lovverk gjer at dei ikkje er sikre på om dei kan lagre avfallet på eit vanleg deponi i Noreg, slik som dei planlegg i Danmark.

– Med tanke på norsk regelverk er me i grenseland, seier Sørensen.

Korleis Noreg skal handtere farleg avfall i framtida blir ikkje bestemt før ekspertutvalet er ferdig med sin vurdering. Kor lang tid det vil ta, og kven som skal sitje som ekspertar i utvalet er førebels ikkje kjend.

https://www.nrk.no/telemark/danskane-kan-velte-norsk-soppelimperium-1.14502176