Harald Storvik: – Vi fortset vårt løp

Vi fortset med vårt, uavhengig av kva Gjelsten gjer.

Det seier Harald Storvik, dagleg leiar for Bergmesteren Raudsand AS. Saman med Stena AS og Veidekke AS ønsker han som kjent å etablere deponi for farleg avfall, og gjenvinningsanlegg på Raudsand. Til no har Raudsand og Brevik i Porsgrunn vore alternative lokaliseringar for nasjonalt deponi for farleg avfall.

– Om Gjelsten no bremsar sitt prosjekt i Brevik, kva konsekvensar får det for Raudsand, Storvik?

– Eg har eigentleg ikkje så mykje å si om dette. Eg kjenner dette berre frå media, og veit ikkje kva det faktisk inneber. Eg ser heller ikkje at det har stor betydning for det vi vil etablere på Raudsand. Vi vil satse mest muleg på gjenvinning av det farlege avfallet, og ser på det som framtida. Så kva konkurrenten gjer, er ikkje så viktig.

– Dette er uansett ei politisk sak. Og om Raudsand står igjen som alternativ, er vi uansett ikkje klar før 2023 på grunn av forseinkingane som har vore.

Men vi fortset uansett vårt løp, dette endrar ikkje våre planar. Vi er inne i den politiske prosessen, og ventar no på politisk behandling i Nesset kommune. Så får vi sjå, seier Storvik.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/04/08/Harald-Storvik-%E2%80%93-Vi-fortset-v%C3%A5rt-l%C3%B8p-18817556.ece