Sørheim: – Staten må ta ansvar

Gjelstens utspel set saka på spissen – dette har teke for lang tid og kan ikkje utsettast lenger.

VIL IKKJE HA DEPONI: Kristin Sørheim 
        
            (Foto: KJELL LANGMYREN)
VIL IKKJE HA DEPONI:Kristin Sørheim  FOTO: KJELL LANGMYREN

Det seier Kristin Sørheim i ein kommentar til VG-saka. Ho er leiar for «Jeg velger meg et giftfritt Nesset», som jobbar mot etablering av nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand.

Ho fryktar ikkje at Raudsand vert eit meir aktuelt alternativ med dette.

– Vi har heile tida sagt at det må vere eit prinsipp at det er staten som har ansvar for å ta hand om farleg avfall, dette kan ein ikkje overlate til private avfallsbaronar, seier Sørheim.

– Men om Gjelsten set bremser på, vil ikkje det kunne bety styrking av Raudsand som alternativ?

– Nei. Raudsand har alle faginstansar mot seg, det er stor lokal motstand i heile området, reguleringsplanen er ikkje godkjent, det er motsegner, teknologien er ikkje godkjend, og det manglar kundar. Og det blir jo ikkje klart i tide, seier Sørheim.

Ho poengterer at tida er knapp.

– Staten har sett seg sjølv i ein vanskeleg situasjon, ved å stadig utsette saka. Om Gjelsten no vil kaste ansvar over på staten, så får ein sett på spissen at problemet ikkje kan utsettast meir. Om det no skal settast ned ekspertutval, vil det ta enda meir tid, utan utsikt til at det kjem mykje nytt ut av det.

– Er det bortkasta med meir utgreiing?

– Ja, for å finne ei kortsiktig løysing. Ser ein 10–15 år fram i tid, vert det noko anna, seier Sørheim.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/04/08/S%C3%B8rheim-%E2%80%93-Staten-m%C3%A5-ta-ansvar-18817569.ece