Delt formannskap

Når formannskapet møtest tysdag, ligg det ikkje an til samrøystes vedtak i Raudsand-saka.

Rådmann Anne Grete Klokset tilrår at politikarane vedtar framlegget til reguleringsplan, som opnar for deponi for farleg uorganiske avfall. Ho meiner også at det vil bety nye arbeidsplassar i Nesset. Slik stiller politikarane seg til innstillinga:

Ordførar Rolf Jonas Hurlen (H): – Eg støttar rådmannens tilråding, og trur at gjenvinning, sirkulær økonomi og berekraft er framtidas måte å drive industri og næringsliv på. At vi i Nesset kan ta ein posisjon i dette viktige arbeidet er ei fantastisk moglegheit til nye og framtidsretta miljøarbeidsplassar. Avfall blir også omtala som den nye «grønne oljen», og eg trur at ei slik etablering også vil kunne gi positive ringverknader også for nabokommunane våre.

Varaordførar Edmund Morewood (Sp): – Vi har vore i mot dette heile tida, og kjem til å stemme mot rådmannens tilråding. Vi ser ingen fordelar med dette, og stemmer derfor i mot. Heile Sp-gruppa står samla om dette.

Kari Petrine Fitje Øverås (Sp): Har ikkje svart på RBs forsøk på å nå henne via telefon og sms. Ifølge gruppeleiar Morewood stemmer Sp-gruppa samla – i så fall stemmer også Fitje Øverås i mot rådmannens tilråding.

Toril Melheim Strand (Ap): – Eg har enno ikkje teke stilling til om eg skal stemme for eller mot. Eg vil få med meg den siste statusoppdateringa først, som politikarane får frå Bergmesteren måndag. I Ap har vi no mange medlemmer som er imot, men eg er også bekymra for Deponi 2, at det ikkje vert rydda opp i. Om vi ikkje seier ja til planen, er eg redd det kanskje vert liggande som det gjer.

Anders Torvik (Ap): – Eg stemmer mot denne tilrådinga. Det er veldig greitt, eg har vore mot heile tida, og partimedlemmane våre har sagt nei. Det er heller ikkje slik at Raudsand blir utan reguleringsplan, det har vi – dette handlar om reguleringsplan for deponi for farleg avfall. Det ønskjer eg ikkje, vi burde heller satse på utvinning av sjeldne mineralforekomstar på Raudsand.

May Tove Bye Aarstad (Ap): – Eg vil ikkje uttale meg om dette no før helga. Denne helga har vi konfirmasjon, og eg ønskjer ro og fokus på konfirmant og familie. Om eg seier noko om saka no, er dette ei så betent sak at eg veit det blir full fyr og debatt på sosiale medium – det vil eg ikkje ha akkurat no.

Svanhild Kvernberg (KrF), vara for Svein Atle Roset: – Eg vil ikkje gå for rådmannens tilråding. Eg har vore mot planen heile tida, og vil stemme nei. Om deler av planen er aktuell, så få vi heller dele den opp.

Fra papiravise til Romsdals Budstikke 11. mai 2019