Om ja: Over til minister Mæland

Blir det ja-vedtak i Nesset, går saka vidare til kommunaldepartementet. Der kjem den på statsrådens bord.

– Nesset-saka er spesiell. Det er sjeldan at nabokommunar leverer motsegn som det er gjort her, seier Sveinung Dimmen, plansamordnar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Få saker

Det er han som vanlegvis kallar partane inn til mekling hos Fylkesmannen, når det vert reist motsegn frå andre offentlege instansar i kommunale arealplansaker.

Han opplyser at Fylkesmannen årleg har om lag 400 arealplansaker til behandling, i 15- 20 prosent av desse er det reist motsegn. Oftast er det Fylkeskommunen, Fylkesmannen eller andre regionale statsetatar som er motsegnspart i slike saker.

– Som regel løyser det seg undervegs i prosessen, til dømes ved at planforslaget vert justert i tråd med innspel og motsegner. Det er også vanleg med dialogmøte undervegs for å finne fram til mulege kompromiss, forklarer Dimmen.

Men i nokre få tilfelle, 2–3 saker i året her i fylket, finn ein ikkje fram til løysing, og saka kjem til mekling, seier Dimmen.

Må ha felles mål

– Men for å få resultat av meklinga, trengst det eit visst grunnlag. Det må vere noko å mekle på; at partane har felles målsetting om å bli samde, og at dei til ein viss grad er villig til å gi og ta, seier Dimmen.

Motstridande interesser

I Raudsand-saka går partane sine interesser i stikk motsett retning. Nabokommunane Gjemnes, Sunndal og Tingvoll levert høyringsuttale med motsegn, som også kommunane Averøy, Kristiansund og Halsa har slutta seg til. Motsegna går i mot reguleringsplanen som heilheit, hamneområde og industriområdet inkludert sjøfylling, deponi for farleg uorganisk avfall, og deponia 2, 3, 4 og 5 for ordinært og inert avfall.

Møre og Romsdal Fylkeskommune ved fylkesutvalet har også reist motsegn, dette ut frå miljømåla i regional vassforvaltningsplan.

Unnatak

Ved usemje og motsegn er mekling «normalen». Men dersom partane er einige om at mekling ikkje vil gi resultat, kan ein «hoppe over» mekling, og heller la saka gå direkte til departementet. I tilfelle reguleringsplanen for Raudsand vert vedteken av kommunestyret i Nesset, ligg det i vedtaket at saka går direkte til departementet.

– Også slik sett er denne saka eit unnatak, seier Dimmen.

Omfattande prosess

Etter eventuelt vedtak i kommunestyret, oppsummerer Fylkesmannen saka, og sender den inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Der ventar ein omfattande prosess. Om det er konfliktar på tvers av fag og forvaltningsnivå vert også andre direktorat og departement involvert. Departementet vil da sjå på og vurdere kommunens plan opp mot motsegnene, og opp mot regionale og nasjonale planar og føringar.

– Det kan til dømes handle om konflikt mellom utbygging og økonomiske interesser, opp mot interesser som gjeld natur og miljø. Eller nasjonale interesser opp mot omsyn til lokaldemokrati.

I departementets behandling vert alle aktuelle omsyn tekne med. I større og vanskelege saker kan saksbehandlinga ta opp til eit års tid, seier Dimmen.

Ministeren avgjer

– Avgjerda vert etter ei samla fagleg vurdering tatt av ministeren sjølv. Om det ikkje er eit opplagt svar ut frå det faglege, blir til sjuande og sist det politiske avgjerande, seier Dimmen.

Flest utfall i kommunens favør

Statistikk frå departementet viser at det vart handsama 16 arealplanar med motsegn i 2018. Kommunen fekk støtte i ti av sakene, og i fire saker kom departementet fram til ei mellomløysing. Motsegnene blei tekne heilt til følgje i to saker.

Fra papiravisa til Romsdals Budstikke 11. mai 2019