Ordførar Rolf Jonas Hurlen trur ting vil går seg til, trass i oppheta debattklima

Ordføraren ber folk bruke nettvett, og trur ting vil gå seg til, uansett utfall av deponi-saka.

Ordførar Rolf Jonas Hurlen er kjend med at det ute blant folk og på sosiale medium er til dels høg temperatur rundt planane om deponi for farleg avfall på Raudsand.

– Har du opplevd dette på nært hald sjølv?

– Heilt bevisst har eg sjølv halde meg unna og ikkje deltatt. Så eg har ikkje opplevd direkte angrep, nei. Det som har kome opp av kritikkverdige ting, har vel ofte også kome på sosiale medium seine laurdagskveldar. Og det har vel kome frå begge sider, seier Hurlen.

Og poengterer at det som er publisert av gruppene som har engasjert seg for og i mot, har vore sakleg og greitt.

Hurlen meiner problemet ikkje er spesielt for Nesset.

– Ein ser tilsvarande andre stader, der det oppstår frontar for og mot ting som engasjerer. Dette har mykje med sosiale medium å gjere – beklagelegvis har det blitt ein debattkultur der nokre utfaldar seg på ein negativ måte. Men det som skjer på sosiale medium rår vi ikkje med. Ein må berre oppfordre folk på alle sider om bruke nettvett, seier Hurlen.

– Så er det jo også slik at ei fjør tidvis kan bli til 10 høns. Men folk har ulik toleransegrense for kva som opplevast ubehageleg, slik er det berre.

– Med frontane som no finst for og mot, kva gjer det med kommunen og lokalmiljøa etter at saka er avgjort?

– «Tiden leger alle sår». Eg trur at på litt sikt vil dette gå seg til, uansett utfall av saka, seier Hurlen.

Fra papiravisa til Romsdals Budstikke 11. mai 2019