Over til departementet etter ferien

Fylkesmannen har no deponisaka til behandling. Den går til departementet over sommaren.

– Vi fekk saka inn frå Nesset kommune like før ferien, og er no i full gang med å gå gjennom den. Det vil nok ta litt tid, seier Sveinung Dimmen, plansamordnar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Han viser til saka om reguleringsplan for Raudsand, som opnar for etablering av deponi for farleg uorganisk avfall. Saka vart vedtatt av eit fleirtal i kommunestyret i Nesset, men sidan nabokommunar har levert motsegn, må saka vidare til kommunaldepartementet.

– I forkant av oversending til departementet, går vi gjennom alle vedlegg, tek stilling til motsegnene, og kjem med ei tilråding, opplyser Dimmen.

Sidan det no er ferietid hos Fylkesmannen, og fleire avdelingar må komme med sine vurderingar, går nok ikkje saka vidare før over sommaren, seier Dimmen.

– Men vi er i kontakt med departementet om saka, og held dei oppdatert. Det er dessutan ferietid der også, seier Dimmen.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/07/08/Over-til-departementet-etter-ferien-19452969.ece