Vil bruke nettverket eg har opparbeidd

Lodve Solholm går inn i kampen mot deponi for farleg uorganisk avfall på Raudsand. Han vil bruke erfaring og nettverk frå politikken og tida som fylkesmann – og ser ingen problem med det.

NYTT VERV:Tidlegare fylkesmann Lodve Solholm tek over som styreleiar for organisasjonen « Jeg velger meg et giftfritt Nesset» – og avviser at rolle-kombinasjonen kan vere problematisk. Bildet er tatt tidlegare.  FOTO: BJØRN BRUNVOLL

«Jeg velger meg et giftfritt Nesset» heldt før helga årsmøte, og valde tidlegare fylkesmann Lodve Solholm som ny styreleiar etter Kristin Sørheim. Ho held fram i styret som nestleiar.

Resten av styret er Stig O. Jacobsen fra Gjemnes, Olbjørn Kvernberg fra Molde, Anne Grete Svenøy fra Molde, Per Sefland fra Kristiansund, Ola Øverli fra Molde, Peder Hanem Aasprong fra Tingvoll og Erik M. Langseth fra Nesset, ifølgje ei pressemelding frå organisasjonen.

Vil bidra

Til Romsdals Budstikke seier Lodve Solholm dette om kvifor han no vil ta på seg vervet som styreleiar i organisasjonen.

 – Eg har alltid vore samfunnsengasjert. Og eg meiner at eg framleis har noko å bidra med for Møre og Romsdal, sjølv om eg no er pensjonist. Eg har med meg erfaring, kompetanse og nettverk frå eit lang liv i politikken og som fylkesmann, som eg meiner vil komme til nytte i vervet, seier Solholm.

Konfliktsak

Saka om muleg etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand har som kjent utløyst heftig debatt, høgt lokalt konfliktnivå og splitta partigrupper. Nesset kommune sa i juni ja til reguleringsplanen som opnar for at Bergmesteren, Stena og Veidekke kan etablere deponi for farleg avfall. Men med motsegn frå nabokommunar, går saka over til kommunaldepartementet for avgjerd.

Skal legge strategi

Solholm opplyser at han ikkje har vore særleg tett på denne saka fram til no, og kjenner den mest frå medieomtale. Han skal tysdag ha møte med leiinga i organisasjonen for oppdatering, og strategi-planlegging.

– Eg deler synspunkta deira, og meiner at dette er eit prosjekt vi bør vere svært forsiktige med, seier Solholm.

Avviser problem

– Fram til nyleg var du Fylkesmann i Møre og Romsdal – er det uproblematisk for deg slik å gå inn i ei lokal konfliktsak?

– Det er no eit halvt år sidan eg slutta som fylkesmann. Eg ser ikkje engasjementet og vervet i denne saka som problematisk, seier Solholm. Og poengterer at han som fylkesmann var bevisst på kva han engasjerte seg i, og at det overordna er det viktig i å ta vare på fylket. Solholm stadfester at han er kjend med det høge konfliktnivået i saka.

– Korleis vil du jobbe med saka – det er ganske seint i prosessen?

– Saka skal over til departementet. Eg har jo ein del kontaktar der, som eg kan nytte meg av. Nettverket eg har opparbeidd, finst der framleis, sjølv om eg no er pensjonist.

– Så no kontaktar du kommunalminister Mæland?

– Det kan hende. Vi ber kanskje om eit møte, det er ikkje uvanleg. Som fylkesmann var eg med og formidla kontakt for mange som ville legge fram si sak i departementet. Det er også vanleg at dei kjem på synfaring i saker som denne.

– Kor lang tid antar du departementet vil bruke på denne saka?

– Erfaringa tilseier at det vi ta bortimot eitt år, så truleg vil det dra seg mot neste sommar før vi får svar. I ei så betent sak er det naturleg å bruke tid, det er fornuftig med grundig vurdering sjølv om det da vil ta tid.

Vil stoppe sal av eigedom

Årsmøtet vedtok også ein uttale med kritikk av statens pågåande sal av areal på Raudsand.

– Vi er svært kritisk til at staten no vil selje seg ut av Raudsand. Området inneheld stor forureining, og areal som staten ikkje har rydda opp i. Her er også betydelege malmreservar av nasjonal interesse. Det er skuffande og utruleg at staten vel å forlate området no, og det kan synast som om salet er tileigna éin kjøpar, nemleg Bergmesteren Raudsand eller Veidekke, heiter det mellom anna i uttalen.

– Slik saka står no, bør Næringsdepartementet sette saka på vent, og ikkje gjennomføre eit hastesal før Kommunaldepartementet har konkludert, seier Solholm.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/07/08/%E2%80%93-Vil-bruke-nettverket-eg-har-opparbeidd-19450972.ece