Tilrår ja til deponiplan

Fylkesmannen tilrår på visse vilkår at kommunalministeren godkjenner reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand, som opnar for deponi for farleg uorganisk avfall.

RAUDSAND: Det er no opp til kommunalministeren å ta stilling til den omstridde reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand. 
        
            (Foto: Oivind Leren)
Det er no opp til kommunalministeren å ta stilling til den omstridde reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand. FOTO: OIVIND LEREN

Reguleringsplanen legg til rette for at Bergmesteren Raudsand og samarbeidspartnarane Veidekke og Stena kan etablere deponi for farleg uorganisk avfall i fjellhallar på Raudsand. Det er også planar om gjenvinningsanlegg. Planane skapte stor splid lokalt. I kommunestyret vart det fleirtal 13 – 8 for planen.

Til ministeren

Sidan det var motsegner til planen som kommunestyret i Nesset vedtok i mai, går saka vidare til kommunalminister Monica Mæland. Fylkesmannen har oppsummert saka for departementet, og har sendt over si tilråding.

Motsegner Både nabokommunar og Møre og Romsdal fylkeskommune melde som kjent motsegn til planen. Fylkesmannen peiker i sin gjennomgang på at fleire av motsegnspunkta overlappar heilt eller delvis. Etter dialog mellom partane vart det konkludert med at mekling i saka ikkje ville vere hensiktsmessig. Det vert også vist til at Fylkesmannen og NVE har trekt sine motsegner etter justering av planen.

………………………………………..

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/08/27/Tilr%C3%A5r-ja-til-deponiplan-19792270.ece