Rødt: – Formelle feil kan bety at planvedtaket ikkje er gyldig

Rødt Molde meiner det er gjort fleire formelle feil i behandling av deponisaka. No inviterer dei andre parti med på protestbrev til kommunalministeren, og krev at saka kjem til behandling i Nye Molde.

FOR RØDT: Morten Walløe Tvedt. 
        
            (Foto: Per Tormod Nilsen)
FOR RØDT:Morten Walløe Tvedt.  FOTO: PER TORMOD NILSEN

Reguleringsplanen for Raudsand som Nesset kommunestyre har vedteke, har ei rekke feil som gjer den ugyldig. Vi inviterer no dei andre partia med på felles brev til kommunalministeren for å peike på det, seier Morten Walløe Tvedt.

Forskar på forvaltning

Han er leiar for partiet Rødt i Molde – som kjent får partiet inn ein representant i kommunestyret for Nye Molde kommune. Walløe Tvedt er også førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde der han underviser i juss, og forskar på mellom anna forvaltningsrett. No går han i bresjen for å få saka om nasjonalt deponi for farleg uorganisk avfall på Raudsand til ny kommunal behandling – i Nye Molde kommune.

………………………………………………………….

– Feil også frå Fylkesmannen

Han meiner også at det var gjort fleire feil da fylkesmannen behandla saka før den vart sendt over til departementet i august.

– I saker med motsegn er det krav om mekling, det skjedde ikkje, seier Walløe Tvedt.

– Men nabokommunane ville ikkje til mekling?

– Det er uansett eit krav å innkalle til meklingsmøte. Det held ikkje å vise til at partane ikkje er interessert. Her har ikkje fylkesmannen gjort jobben sin. Vi vil også stille spørsmål ved habiliteten til konstituert fylkesmann Rigmor Brøste, både på grunn av personleg forhold til aktuelle aktørar, og fordi ho tidlegare var rådmann i Nesset, seier Walløe Tvedt, utan å ville seie kva bindingar det gjeld.

…………………………………………………………….

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/09/23/R%C3%B8dt-%E2%80%93-Formelle-feil-kan-bety-at-planvedtaket-ikkje-er-gyldig-20010329.ece

https://www.driva.no/nyheter/2019/09/24/R%C3%B8dt-Molde-%E2%80%93-Formelle-feil-kan-bety-at-planvedtaket-ikkje-er-gyldig-20012266.ece