Sørheim ut for å bli habil

Kristin Sørheim har meldt seg ut av «Giftfritt Nesset», og stiller som representant for den politiske leiinga i fylkeskommunen på departementets Raudsand-befaring.

Sørheim, som får permisjon frå fylkestingssamlinga same dato, stiller på befaringa 15. oktober saman med 35-40 representantar frå ulike nivå i forvaltninga, og involverte aktørar.

Motsegner

Det er reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand som kan opne for etablering av deponi for farleg uorganisk avfall, som er tema for befaringa. Planen vart som kjent vedteken av kommunestyret i Nesset i vår, men på grunn av motsegner frå nabokommunane Gjemnes, Sunndal og Tingvoll samt frå fylkeskommunen, ligg no planen hos kommunaldepartementet for endeleg avgjerd.

Tre departement

Statssekretær Lars Jacob Hiim stiller i Kommunal og moderniserings-departementet (KMD) sin delegasjon. Også to andre departement er involvert. Klima- og miljødepartementet med Miljødirektoratet, og Nærings- og fiskeridepartementet med Direktoratet for mineralforvaltning deltek.

Lokale delegasjonar

Nabokommunane og fylkeskommunen stiller også med delegasjonar, og representantar for tiltakshavar Bergmesteren Raudsand, Nesset vekst og «Jeg velger meg et giftfritt Nesset» deltek. Det er Nesset kommune som organiserer opplegget. På programmet står først orienteringar på kommunehuset i Eidsvåg, så befaring til deponiområda på Raudsand.

………………………………………………..

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/10/03/S%C3%B8rheim-ut-for-%C3%A5-bli-habil-20090728.ece

https://www.driva.no/_incoming/2019/10/03/S%C3%B8rheim-ut-for-%C3%A5-bli-habil-20091215.ece

%d bloggere liker dette: