Har ikkje tru på annleis avgjerd

Synnøve Almås Harstad har ingen illusjonar om at møtet på Rausand i Nesset i dag skal føre til at det omstridde deponiet ikkje blir etablert. Ho seier det truleg ikkje det kjem noko konkret ut av møtet. I dag kjem representantar frå fleire departement for å lytte til motstandarane. Kommunestyret i Nesset vedtok den omstridde reguleringsplanen tidlegare i vår.

https://www.nrk.no/mr/har-ikkje-tru-pa-annleis-avgjerd-1.14742607

Ny runde om avfallsdeponi

Fleire departement skal i dag besøke Raudsand i Nesset, for å sjå på området for det planlagde giftdeponiet. Farleg avfall frå heile landet kan bli frakta hit, sidan det noverande deponiet i Oslo snart er fullt. Kommunestyret i Nesset har sagt ja til reguleringsplanen, trass i protestar frå nabokommunar og miljøvernarar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet som skal godkjenne planen, er også med på møtet.

https://www.nrk.no/mr/ny-runde-om-avfallsdeponi-1.14742377

Ventar på ei avgjerd

FOTO: SYNNØVE HOLE / NRK

Harald Storvik i Bergmesteren Rausand håper dei som kjem frå departmentet tysdag får relevante opplysningar om planane for det omstridde deponiet i Nesset. Han seier det også er viktig å høyre protestane, slik at dei som skal avgjere saka har eit heilheitleg syn. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som avgjer saka.

https://www.nrk.no/mr/ventar-pa-ei-avgjerd-1.14742688

Avgjerd truleg først neste år

FOTO: ROAR HALTEN / NRK

Behandlinga av den omstridde reguleringsplanen for avfallsdeponiet på Rausand vil truleg ikkje vere ferdig før etter eit halvt år. Det sa statssekreæt Lars Jacob Hiim (H) frå Kommunaldepartementet då han kom til Nesset tysdag føremiddag. Hiim seier seier saka har høg prioritet, men at fleire departement er involverte i behandlinga, og at dei mest omstridde sakene kan ende på regjeringa sitt bord.

https://www.nrk.no/mr/avgjerd-truleg-forst-neste-ar-1.14742698

Meiner dei ikkje har blitt høyrt

FOTO: ROAR HALTEN / NRK

Nabokommunane hevdar Nesset kommune har brukt store ressursar på å argumentere for at Rausand er eigna som deponi for farleg avfall. Ordførarane i Gjemnes, Sunndal og Tingvoll meiner dei ikkje har blitt høyrt i tilstrekkeleg grad. Gjemnes-ordførar Knut Sjømæling seier ønskjet om kortsiktige arbeidsplassar ikkje kan trumfe omkostningane med eit deponi som vil setje spor i fleire tusen år.

https://www.nrk.no/mr/meiner-dei-ikkje-har-blitt-hoyrt-1.14742738

Ber om at saka blir utsett

FOTO: SYNNØVE HOLE / NRK

Lodve Solholm i intersseforeininga «Jeg velger meg et giftfritt Nesset» ber Kommunaldepartementet sende saka om nasjonalt deponi i retur til Nesset kommune. Kommunestyret sa tidlegare i år ja til den omstridde reguleringsplanen, og Solholm meiner kommunane rundt fjorden også bør vere med å avgjere saka. Han hevdar eit nasjonalt deponi i Nesset vil gjere uboteleg skade.

https://www.nrk.no/mr/ber-om-at-saka-blir-utsett-1.14742854