Sterke protestar mot planar om giftdeponi

Eit stort oppbod med politikarar og byråkratar troppa opp for å studere området der Noregs nye nasjonale giftdeponi kan kome. Fiskerinæringa svarte med å tute dei ut.

Det nye anlegget for farleg avfall i Noreg kan hamne på Raudsand i Nesset. Her er representantar frå tre departement og ei rekkje andre interessentar på plass for ei synfaring.
FOTO: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Allereie ved innkøyringa til den vesle bygda Raudsand på grensa mellom Romsdal og Nordmøre blei delegasjonen møtt av banner som markerte motstand mot planane. Og på fjorden samla båtane seg. Med kraftige skipsfløyter let dei ikkje dei sentrale politikarane vere i tvil om at dei er sterke motstandarar av planane.

– Eg er ikkje særleg imponert, men eg skjønar godt at dei vil ha fjorden for seg sjølv, og då er det vel rett å markere seg slik, seier ordførar i Nesset, Rolf Jonas Hurlen.

Avfall frå heile landet

Tre departement, og ei rekke partar var på Raudsand i Nesset tysdag, for å sjå på området for det planlagde giftdeponiet. Også miljøvernarar og kritikarar fekk vere med opp i dei tidlegare gruveanlegga i bygda.

– Eit slikt deponi vil vere valdsamt alvorleg. Vi har fått nok frå før med ei fjord som ikkje er enno ikkje er friskmeldt. Eg seier som bunadsgeriljaen, nok er nok, seier Marianne Klokset Aspås i Miljøvernforbundet Møre og Romsdal.

………………………………………

https://www.nrk.no/mr/sterke-protestar-mot-planar-om-giftdeponi-1.14742866