Raudsand styrka som lokalisering for deponi

Nessetordførar Rolf Jonas Hurlen meiner Raudsand kjem styrka ut etter den nye rapporten.

JA TIL DEPONI: Ordførar i Nesset, Rolf Jonas Hurlen. 
        
            (Foto: Kjell Langmyren)
JA TIL DEPONI: Ordførar i Nesset, Rolf Jonas Hurlen.  FOTO: KJELL LANGMYREN

– Det har lenge stått om Brevik eller Raudsand, og når da no Brevik vert frårådd, meiner eg at Raudsand kjem styrka ut som alternativ, seier ordførar Rolf Jonas Hurlen (H).

– Men Raudsand er ikkje konkret anbefalt?

– Nei, men det har vel heller ikkje vore utvalets mandat å peike på ein spesiell lokalitet, seier Hurlen.

Han kommenterer at rapporten i hovudtrekk er som venta, men at det var litt uventa at det no vert trekt inn nye alternativ for lokalisering.

– Det var litt overraskande. Det tek lang tid å få alternativ utgreidd, det viser jo den prosessen vi har hatt her i Nesset, seier Hurlen.

………………………………………………………….

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/11/04/%E2%80%93-Raudsand-styrka-som-lokalisering-for-deponi-20320359.ece

https://www.driva.no/_incoming/2019/11/04/%E2%80%93-Raudsand-styrka-som-lokalisering-for-deponi-20320952.ece