Vi er optimistar, og held fram kampen

Lodve Solholm i «Giftfritt Nesset» oppfattar ikkje at rapporten anbefaler Raudsand.

– Vi meiner framleis at Raudsand ikkje eignar seg som deponilokalitet, og vil slåst vidare mot planane, seier styreleiar Lodve Solholm i «Jeg veljar meg et giftfritt Nesset.

– Når det gjeld Ekspertutvalets rapport, registrerer vi at dei tilrår å skrinlegge Brevik, og dessutan har hosta opp minst to nye lokalitetar. Eg er veldig avslappa i høve til det Ekspertutvalet har lagt fram – sjølv om Brevik no vert fråråda, betyr ikkje det at Raudsand bør bli valt. Slik eg les rapporten, ligg det inga anbefaling av Raudsand – det vert berre vist til at lokal entreprenør meiner at lokaliteten er eigna, seier Solholm.

………………………………………………

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/11/04/%E2%80%93-Vi-er-optimistar-og-held-fram-kampen-20320361.ece