Til Oslo for å møte departementet

Departement og direktorat med ja til Raudsandplanen, Nei-kommunane får ekstramøte

NYTT MØTE: Statssekretær Lars Jacob Hiim (t.v.) og gjemnesordførar Knut Sjømæling. Bildet er tatt tidlegare. 
        
            (Foto: Anita Vingen)
Statssekretær Lars Jacob Hiim (t.v.) og gjemnesordførar Knut Sjømæling. Bildet er tatt tidlegare.  FOTO: ANITA VINGEN

Miljødirektoratet og Næringsdepartementet gir grønt lys, medan motsegn-kommunane skal i nytt møte i departementet.

– Det er no klart at vi får møte med statssekretær Lars Jacob Hiim i Kommunaldepartementet 11. desember. Det er viktig for oss å få belyse argumenta våre grundig, seier Knut Sjømæling, ordførar i Gjemnes.

……………………………………………………………

Ja frå Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementets (NFD) meiner det er gjort eit grundig og breitt planarbeid, og har som grunneigar av eigedommane som er omfatta av reguleringsplanen, ikkje innvendingar til planen. NFD ønskjer som kjent å selje eigedommane på Raudsand, og er i forhandlingar med Veidekke Industri AS om det.

NFD har heller ikkje merknader til motsegna når det gjeld konsekvensar for fiskeri- og akvakulturnæringa.
– Vi føreset at vurderingar om forureining, inkludert konsekvensar for sjømatnæringa, vert gjort ved behandling av ein eventuell utsleppssøknad etter forureiningslova, heiter det i uttalen. NFD skriv likevel at det bør vurderast om det allereie i planbestemmelsane er nødvendig å liste opp krav ved utfylling i sjø og ved etablering av deponi på land. Dette for at mattryggleik vert oppretthalden for sjømatproduksjonen i området.

Ja frå Miljødirektoratet

Miljødirektoratet tilrår at reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand kan godkjennast.

Direktoratet har ut frå motsegnene vurdert i kva grad reguleringsplanen kjem i konflikt med miljøinteresser av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

– Sjølv om kunnskapsgrunnlaget for marint naturmangfald er noko svak, vurderer Miljødirektoratet at planforslaget ikkje vil medføre konflikt med miljøinteresser av nasjonal eller vesentleg regional betydning, skriv direktoratet.
– Det er eventuelle utslepp i samband med sjøutfyllinga og frå deponia som kan medføre konflikt med viktige miljøinteresser. Dette er atterhald som Miljødirektoratet først kan vurdere i samband med søknadane etter forureiningslova, skriv direktoratet, heiter det i uttalen frå direktoratet.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/11/16/Deponi-saka-Til-Oslo-for-%C3%A5-m%C3%B8te-departementet-20400503.ece