Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Vil KMD la Nye Molde kommune få reguleringsplanen som gjeld giftdeponi på Raudsand til ny handsaming, slik alle parti i den nye kommunen bortsett frå eitt krev?

Begrunnelse

Kommunane Nesset, Molde og Midsund går saman inn i Nye Molde kommune ved nyttår, og kommunestyret for den nye kommunen er allereie konstituert. Dei avtroppande kommunestyra skal i følgje inndelingslova halde seg til det som gjeld avviklinga av kommunane, jamfør inndelingslovas paragraf 27 og teksten «Deira ansvar og fullmakter er likevel avgrensa til det som er nødvendig for å avslutte verksemda i dei eksisterande einingane.»
Slik eg les inndelingslova, er det no Nye Molde kommune som har kompetanse til å fatte avgjerder i og for den nye kommunen. Såleis også at Nye Molde kommunestyre har rettsleg omgjeringstilgang frå det nye kommunestyret vart konstituert i slutten av oktober. Dette har relevans for giftdeponisaka, der Nesset kommune har hatt fleirtal i kommunestyret for å seie ja til reguleringsplan for giftdeponi, medan verken Molde kommune eller Midsund kommune har hatt befatning med saka som «eigarkommune». Men no inngår alle desse tre kommunane i Nye Molde kommune, der kommunestyret allereie er konstituert og i funksjon for alle avgjerder som ikkje gjeld avvikling av dei tre tidegare kommunane. Alle partia bortsett frå Høgre i denne Nye Molde kommune har bedt Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å få reguleringsplanen tilbake slik at dei kan gjennomføre ei ny handsaming av planen før departementet tek avgjerd i saka.
I svaret sitt til brevet frå Nye Molde kommune av 5/11 viser Kommunal- og moderniseringsdepartementet berre til at reguleringsplanen er vedteken av Nesset kommune med motsegner frå Gjemnes, Sunndal og Tingvoll kommunar og frå Møre og Romsdal fylkeskommune, og takkar for innspela utan å svara på anmodninga om at Nye Molde kommune får handsame reguleringsplana på nytt. Eg meiner KMD må svara på eit slikt vis at kommunen faktisk får svar på spørsmålet sitt.

https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=78062