Nesset har i interimperioden for danninga av Molde kommune bundet opp Molde til å ta i mot farleg avfall

Denne påstanden kjem frå SV-politikar Bjørn Jacobsen, som på neste møte i Molde kommunestyre tek opp deponisaka i form av eit spørsmål til ordføraren.

Spørsmålet har slik ordlyd:

«Nesset kommunestyre har i interimperioden for danninga av Molde kommune bundet opp Molde kommune til å ta i mot farleg avfall. Dette er avfall som til ein viss grad er importert og er i all hovudsak oppstått på Austlandsområdet og er tenkt frakta heile vegen rundt Stadt og inn Sunndalsfjorden til Molde.

Fleire regionale næringsaktørar innan reiseliv, fiskeri, landbruk samt nabokommunar med fleire har protestert mot etablering av eit nasjonalt anlegg for mottak av farleg avfall. Det er og laga ein eigen organisasjon mot etableringa.

Når ein kildesorterar på Nordmøre og i Romsdal så går ein del av dette avfallet til forbrenning (energigjenvinning) i utlandet. Aska herifrå kjem tilbake som flygeaske og blandes med om lag 200 tusen tonn svovelsyre ved Kronos Titan i Fredrikstad før det fraktast på lekter over Oslofjorden til Langøya. Der er det snart fullt og tanken er å frakte alt dette farlege avfallet, pluss meir til hitover til Molde.

Avfallspyramiden er til god hjelp når ein skal lage avfallspolitikk:

  • Hindre at avfall oppstår. Det avfallet som skal til Raudsand er mykje flygeaske frå forbrenningsanlegg. Vi må inn i ein sirkulærøkonomi som ikkje omfatta forbrenning av avfall som laga denne aska.
  • Ombruk og deretter materialgjenvinning må prioriterast.
  • Spesialavfallet (farleg avfall) som blir borte i Norge dreier seg om tusenvis av tonn og arbeidet med å få dette samla inn må prioriterast.
  • Å lage ein «nasjonal» dumpeplass for farleg avfall er ikkje spesielt lurt ut i frå at det er viktig å behandle avfallet nærast muleg der det oppstår.

Ordførar i Porsgrunn og leiar i Grenlandsrådet Robin Kåss har jobba hardt for å hindre at det skal etablerast mottak av farleg avfall i Grenland og det kan se ut som at han har lykkas med det.

Kva kan ordføraren i Molde gjere for at saken blir mest mulig opplyst for kommunestyret og befolkinga i Molde?

Vil ordføraren se til at saka får ei gjennomgåande handsaming i Molde kommune sine politiske organ slik at ein unngår ein slags «nissen på lasset» situasjon, der Nesset sine 2.900 innbyggarar bind opp dei 32.000 innbyggarane i heile Molde?»

https://www.auraavis.no/nyhet/deponiet/molde/nesset-har-i-interimperioden-for-danninga-av-molde-kommune-bundet-opp-molde-til-a-ta-i-mot-farleg-avfall/s/5-5-177374

https://www.driva.no/meninger/2019/12/06/Vil-ordf%C3%B8raren-sikre-at-alle-i-Molde-blir-h%C3%B8rt-om-farleg-avfall-20560396.ece