Inga avgjerd om deponiplan denne veka

Gjemnesordførar Knut Sjømæling etter møte i departementet: – Dei lytta, og vil bruke tid på argumenta våre.

Frå møtet i Kommunaldepartementet, der delegasjonen frå motsegnkommunane  Gjemnes, Sunndal, Tingvoll, Halsa og Averøy, samt fylkeskommunen, møtte mellom andre statssekretær Lars Jacob Hiim (i midten). 
        
            (Foto: Privat)
Frå møtet i Kommunaldepartementet, der delegasjonen frå motsegnkommunane Gjemnes, Sunndal, Tingvoll, Halsa og Averøy, samt fylkeskommunen, møtte mellom andre statssekretær Lars Jacob Hiim (i midten).  FOTO: PRIVAT

– Vi opplever at vi blei lytta til, og tatt på alvor. Og at departementet vil bruke tid på avklare dei forholda vi har kome med innspel om, oppsummerer Knut Sjømæling etter møtet i Kommunaldepartementet onsdag.

…………………………………………………

– Kom det fram noko nytt på møtet?

– Vi brukte tida til å underbygge det vi har tatt opp før. I tillegg har vi fått gjort juridiske vurderingar, som viser at det var gjort saksbehandlingsfeil og feilvurderingar både i Nesset kommune og hos fylkesmannen, seier Sjømæling til Rbnett etter møtet.

– Kva forhold gjeld det?

– Det gjeld utslepp, og forhold der Gjemnes som nabokommune er berørt, utan at vi var varsla som nabo.

– Så når kjem det avgjerd i saka?

– Det fekk vi ikkje lovnad om – bortsett frå klar melding om at det ikkje vert denne veka, slik ein del på tilhengarsida har hevda, seier Sjømæling.

https://www.rbnett.no/nyheter/2019/12/11/%E2%80%93-Inga-avgjerd-om-deponiplan-denne-veka-20592205.ece