Fylkeskommunen deltok på møtet med departementet før jul for å drøfte reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand. Fylkeskommunen fastslår at det er konflikt med regionale interesser i reguleringssaka, i motsetning til det KLD/miljødirektoratet konkluderer med.
Opplysningene kommer frem i et notat utarbeidet av Plan og Analyse i Fylkeskommunen den 10. desember 2019.

Utdrag fra notatet:
- Det er ikkje grunnlag for å vedta ein plan utan at konsekvensane er utgreidd fullstendig.
- Dette betyr at dei forhold som må avklarast før det vert gitt utsleppsløyve, også må vere avklart i konsekvensutgreiingar for planen.
- Dersom KLD/Miljødirektoratet ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere utsleppsløyvet, er det heller ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å gjere vedtak om plan.
- Det kan stillast spørsmål ved om høyringsorgana, tiltakshavar og kommunen som planmynde har tilstrekkeleg fagkompetanse.
- Fylkeskommunen har peikt på vassmiljømåla for Sunndalsfjorden som i dag har ein tilstand som ikkje er tilstrekkeleg god.
- Det er dokumentert utover ein kvar tvil at deponiet vil tilføre fjorden forureining og gjennom dette ikkje medverke til at tilstanden vert betra.
- Svært mykje av forureninga i fjorden skuldast eldre aktivitet, dels i statleg regi og under andre rammevilkår og anna kunnskap enn vi har no.
- Ein burde forvente at staten sjølv har interesse i og tek ansvar for å rydde opp i dette.
Ansvaret for opprydding vert overlate til andre, med løfte om at forureining kan fortsette.