Deponi på Raudsand?

Leserinnlegg av Oddbjørn Aspås i papirutgava av Romsdals Budstikke.

Ein skulle tru at denne aktuelle saka ville fylle opp auditoriet på Krona tysdagskvelden. Dersom den politiske leiinga i nye Molde kommune hadde teke til seg alvoret rundt konsekvensane av ei deponietablering, ville det ha vore møteplikt for det nye kommunestyret, varafolk inkludert. Ei så viktig sak for så mange i den nye kommunen, og enda meir for nabokommunane rundt Tingvollfjorden, fordrar mest muleg kunnskap om representantane skal vera i stand til å gjera forsvarleg vedtak.

Øystein Folden frå Naturvernforbundet fokuserte på logistikk, pukkproduksjon, geologi og planlagt sjøfylling. Ikkje noko av fakta vedkomande desse elementa i planane tala til Raudsand sin fordel. Snarare tvert imot.

Det meste av det Folden la fram er kjent kunnskap for dei som har teke seg bryet med å lytte til andre enn utbyggar og medsamansvorne.

Det er og kjent at gamle Nesset kommune, v/ordførar og heiagjeng, stiller med berre eitt einaste argument: Arbeidsplassar til Nesset! Og det seier han som avvikla Nesset kommune, noko som over tid vil føre til nedlegging av langt fleire arbeidsplassar enn det som ligg i planane for eit deponi for Raudsand!

Trass i alle fakta som talar imot, og mot all fornuft, vil utbyggar, Nesset og Fylkesmannen ha deponi ved Tingvollfjorden. Det minner om forsøket på å løfte seg sjølv etter håret.