Det er rett og slett uhyrleg

Et innlegg i kommentarfeltet til Romsdals Budstikkes artikkel om Deponi-avklaringar:

Det er rett og slett uhyrleg at denne smale næringsinteressa i Nesset kommune skal bestemme i saker som gjeld innbyggjarane langs Sunndal/Tingvollfjorden, og som kan få store negative konsekvensar også for kommunane Hustadvika (nord), Averøy og Kristiansund. Ja, til og med for kommunane nord for Kristiansund. For båtane som skal frakte det farlege avfallet må passere værharde strøk med skjer og grunner, og under Gjemnesbrua. Så dette er hazardspel med folket langs desse fjordstrøka, OG IKKJE MED FOLKET I MOLDE KOMMUNE (Deriblant dei fleste innbyggjarane i Nessset). Viss Harald Storvik skulle lukkast med å få dette helvetet til Raudsand, og det fører til den totale øydeleggjinga av Sunndals/Tingvollfjorden, så kan eg love han at eg vil gjere alt eg kan for å gjere han og medarbeidarane hans personleg ansvarlege for den øydeleggjinga!

Bergmesteren Raudsand skryt av å vere eit godt deponi for søppel. Det er det ikkje, og det har aldri vore det. For det ligg lansgs ein fjord med fleire tersklar utanfor. Hadde anlegget lege på Tjelle, kan eg love at Nesset kommune og innbyggjarane der aldri hadde vore for noko slikt anlegg. Slike anlegg bør liggje heilt andre plassar. Sikre plassar. Og berre eit lite mindretal av innbyggjarane i Nesset kommune bur langs Sunndals/Tingvollfjorden. Og dette mindretalet kan eg trygt love dykk er MOT søppelutbyggjinga på Raudsand.

Nesset treng arbeidsplassar, men dei må skaffast utan å spele hazard med folket i heilt andre kommunar. Eg stiller som 70-åring gjerne opp i lenkegjeng og i stadig repeterande aksjonar mot Bergmesteren Raudsand viss dei skulle få konsesjon til å starte med enda farlegare avfall enn dei no arbeider med. Dei skulle ikkje hatt løyve til det heller, der dei ligg! Kommunen Molde har nesten ikkje innbyggjarar i faresonen i det heile. Det er galskap at dei skal ha noko avgjerdsmakt i dette spørsmålet i det heile teke! Og kvar er Fylkets og Fylkesmannens ansvar? Ikkje ein einaste rapport om helsetilstanden i fjorden utanfor Raudsand har dei kunngjort i det siste!

https://www.rbnett.no/nyheter/2020/01/26/Deponi-avklaringar-n%C3%A6rmar-seg-20884457.ece