Krev omkamp om deponiplan – ordføraren seier nei

Opposisjonspolitikarar har meldt inn deponiplan-sak til i kommunestyret i Molde. Men Torgeir Dahl (H) vil ikkje sette saka på sakskartet.

Vil oppheve: Deler av opposisjonen krev igjen å få reguleringsplanen for Raudsand opp i Molde kommunestyre.  F.v. Knut Iversen Fosseide, MDG, Anne Merete Varhaugvik, SV, Ivar Aasgaard Røsand og Morten Walløe Tvedt, Rødt, Anders Torvik, Ap. Også Frp er med på forslaget. Bildet er tatt tidlegare. 
        
            (Foto: BJØRN BRUNVOLL)
Vil oppheve:Deler av opposisjonen krev igjen å få reguleringsplanen for Raudsand opp i Molde kommunestyre. F.v. Knut Iversen Fosseide, MDG, Anne Merete Varhaugvik, SV, Ivar Aasgaard Røsand og Morten Walløe Tvedt, Rødt, Anders Torvik, Ap. Også Frp er med på forslaget. Bildet er tatt tidlegare.  FOTO: BJØRN BRUNVOLL

……………………………………………………..

Argumenterer mot

Romsdals Budstikke har tilgang til forslaget som er oversendt ordføraren. I framlegget vert det argumentert for å oppheve reguleringsplanen og ta den tilbake til ny behandling i Molde kommune. Det vert mellom anna vist til at det er Molde kommunestyre som i framtida vil vere ansvarleg for eventuelle konsekvensar som følgje av reguleringsplanen, at ny politisk behandling vil redusere motsetningar til nabokommunane som har reist motsegn, og at det er fare for at reguleringsplanen frå Nesset vil bli utfordra i rettssystemet. Det vert også vist til farepotensial ved sjøtransport planlagt for deponiet, og at planane rundt sjøfylling og djupvasskai ikkje er behandla fullt ut.

– 21 representantar står bak forslaget. I tillegg har også KrF og Senterpartiet, og ein av to i Venstre, sagt i valkampen at dei er mot deponi på Raudsand, så vi er nokså sikre på å få fleirtal for forslaget, seier Walløe Tvedt.

……………………………………………….

Ikkje på sakskartet

Ordførar Torgeir Dahl (H) har derimot konkludert med at denne saka ikkje kjem til behandling neste torsdag.

–Denne saka kjem ikkje på sakskartet, seier Torgeir Dahl til Romsdals Budstikke.

– Kvifor ikkje?

– Saka er vurdert i samråd med kommuneadvokaten og kommunedirektøren. Det er fleire formelle forhold som verkar inn. For det første er det berre dokumentert at 8 representantar står bak det innsende forslaget, etter reglane må minst ein tredel av kommunestyret stå bak. For det andre er det nødvendig at ei sak er forsvarleg opplyst for å bli lagt fram. For det tredje ligg det i regelverket at ordføraren har ansvaret for at dette vert følgt opp. Og etter regelverket kan ordførar og rådmann trekke i nødbremsen om det ikkje er tilfelle, seier Dahl.

………………………………….

(pluss-artikkel)

https://www.rbnett.no/nyheter/2020/01/30/Krev-omkamp-om-deponiplan-ordf%C3%B8raren-seier-nei-20938945.ece