Vi fryktar for kva konsekvensar deponiet vil ha for liv og helse, og for framtida til barna våre.
Vil vise ansikt
Denne veka stilte småbarnsfamiliar i området opp på Bygdastua, for å vise ansikt i debatten, og markere motstand mot deponiplanane. Om lag 50 store og små fylte samlingsplassen i bygda, etter initiativ frå Ingebjørg Eidsør og Kari Bruseth om å formidle uroa som tynger mange i området.
– Ganske mange stiller opp, men ganske mange let også vere å komme, sjølv om dei støttar oss. Saka er framleis skikkeleg betent, med hets og trakassering på grunn av synspunkt, seier Eidsør og Bruseth, mødrer til høvevis tre og to barn i førskulealder.
Dei går no ut for å gi stemme til ei gruppe som så langt ikkje har vore tydeleg med i debatten.
………………………………………….
Deponiplanane gjer oss usikre og utrygge, vi tenker mykje på dette og bekymrar oss. Fleire tek det så tungt at dei vurderer å flytte, seier småbarnsmødrene.
(pluss-artikkel – les resten av innlegget på rbnett.no)
– Saka og prosessane har gått over lang tid, kvifor kjem dette initiativet no?
– Stemninga her har alltid vore mot. Men det er ofte slik for småbarnsforeldre at det er krevjande å organisere enda meir enn det kvardagen krev. Vi er heller ikkje formelt organisert, eller har levert uttalar i prosessen. Vi – og mange her – har vel kanskje stolt på at dette kan det jo ikkje bli noko av, men innser no at det kan bli ein realitet. Vi veit at saka er i siste fase i avgjerdsprosessen, og vil gjerne gjere det klart kva vi tenker om dette. Så får vi håpe at dei som bestemmer, les lokalavisa, og får med seg synspunkta våre, seier Eidsør og Bruseth.