Fagfolk og deponi

Leserbrev av Oddbjørn Aspås i papirutgava av Romsdals Budstikke

Dei tre musketerar, Harald Storvik, John Strand og Max Trandem, likar lite at ein lege uttalar seg om noko utom hans eige fagfelt. Da er han i godt selskap med nettopp dei nemnde herrar. Er desse tre fagfolk innafor t.d. geologi, kjemi, hydrogeologi, miljø eller folkehelse som er svært viktige fagfelt når Raudsand-alternativet skal vurderast? Nei, dei gjer som Winter-Hjelm, refererer til kva relevante fagfolk seier i sine i utgreiingar. Skilnaden er at legen ikkje har økonomiske interesser i prosjektet, og han brukar sunn fornuft og festar til til kva også frittståande fagfolk seier, ikkje berre til dei som er hyra av tiltakshavar. Når juristen Strand på synfaring i deponi 2 i Bergmesteren 15.10.19 står framfor tilhøyrarar frå departement, direktorat, Fylkesmann, politikarar og presse og forsikrar om kor forsvarleg og trygt alt blir i deponi 2, når berget blir tetta ved injisering før lukking, er han nok ingen fagmann, men uttalar seg med stor pondus.

Folk som køyrer Raudsand-tunnelen veit at det Strand seier slett ikkje er betryggande. Tunnelen vart grunna lekkasje injisert for vel eit tiår sidan, men er ikkje tett.

Det overraskar ingen som har kjennskap til fjellet her, aller minst veteranane frå gruvedrifta på Raudsand. Når dei står fram med kunnskapen sin, blir dei oversett og overkøyrd av yngre utbyggingskåte krefter. Gruvearbeidarane har ingen økonomiske interesser i ei muleg etablering av deponi, men dei kjenner fjellet betre enn nokon andre og samtykkjer i konklusjonen til nestoren i norsk geologi, Arne Bjørlykke, som seier at Raudsand er ueigna for deponi.

Er så dette fakta, eller er det berre synsing og skremselpropaganda? Deponiforkjemparane kallar alt som talar mot Raudsand-alternativet for nettopp synsing og skremselpropaganda, og gjerne føleri og kunnskapsløyse i tillegg.

Kvaliteten på berget er steinharde fakta, det er det mest konkrete vi har i diskusjonen om deponi eller ikkje. Dette veit utbyggarane, og dei veit og om for dårleg kvalitet på fjellet. For dei har data som viser for høge verdiar i fjorden på stoff frå dagens deponi. Og da må ein skifte fokus og vifte med grøne arbeidsplassar og sirkulær økonomi for å tåkelegge desse fakta. Men same kor mykje ein tek ut frå tilsendt avfall, det vil alltid bli att ein rest som skal lagrast i nye deponi på Raudsand, over og i dårleg fjell, om det er injisert eller ikkje. Dette er og ein realitet. Ein tunnel kan injiserast omatt, og omatt. Det blir verre med sider og botn i eit attlagt deponi 2. Ja-folket uttrykkjer stor tillit til store firma som Veidekke og Stena Recycling. Det hjelper lite om dei er aldri så store, vatnet klarer dei ikkje å halde unna over tid lell.

Gjengangar hos ja-sida er og fokuset på oppdrettsnæringa og Hydro Sunndal. Javisst er det eit poeng i arbeidet for ein rein fjord, men forsvarar forureininga frå desse innførsel av nye, store mengder av miljøgifter til Tingvollfjorden? Svarar ein ja, på det spørsmålet, bør ein halde seg for god til å bruke omgrepet grøne arbeidsplassar i argumentasjonen.

Nettopp miljøgifter og folkehelse var det Winter-Hjelm opna innlegget sitt med, og all ære til han for det. Han er i godt selskap med yrkesbroren, ordførar Kåss i Porsgrunn. Han, Arbeidarparti-mannen, tala rimelegvis dei utsette innbyggarane i Brevik si sak, medan fleire A-partirepresentantar i Nesset støtta pengemakt og giftdeponi, og med det vende ryggen til utsette partifelagar og alle andre som bur langs Tingvollfjorden og ottast for framtida.

Ein hadde gjerne sett engasjement frå langt fleire innan helsesektoren enn Winter-Hjelm, både lokalt og regionalt. Kvar er fylkeslegen og kommunelegane dette vedkjem, og kven har ansvar for folkehelsa i fylke og kommunar? Har dei fått teieplikt frå utbyggingsvillige overordna på fylkeshus og rådhus?

Uansett kva formell kompetanse Storvik, Strand og Trandem har, brukar dei både denne og realkompetansen sin til å selje ei vare dei håpar å tene store pengar på. Dei har i mange år hatt monopol på innspel til administrasjon og folkevalde i tidlegare Nesset kommune. Dei er så husvarme at dei er på førenamn med tilsette både i kommune og direktorat. For tette band sår tvil om prosessane er ryddige. Dette er ikkje synsing, men fakta som gjer det lettare å forstå kvifor ut- byggjar og ja-folk brukar dei same nedsettande karakteristikkane når dei skal parere innspel frå motparten.

For tette band i offentleg forvaltning som eit problem for lokaldemokratiet, var elles eit argument mot små kommunar i kommunereformen. I tilfelle dette kan seiast om Nesset kommune, må ein lure på om ikkje nissen har vorte med på lasset inn i nye Molde. Om så har skjedd, blir demokratiet taparen uansett. Og ikkje minst arbeidet med å rehabilitere Tingvollfjorden. Reelle fakta om ueigna geologi og håplaus logistikk, bør stoppe vidare planlegging av deponi på Raudsand. Fakta som harmonerer lite med intensjonane i det grøne skiftet.

Enn om gruveveteranane med sin realkompetanse kunne sleppe til med orientering til dei folkevalde i nye Molde kommune! Eksamenar er det vel lite av på CV-en deira. Dei har fjellet på Raudsand som fag, og det faget, det kan dei. Ei slik orientering ville ha vore ein tankevekkjar og ein fin start på det grøne skiftet i den nye storkommunen.


ODDBJØRN ASPÅS