Sylvi Listhaug (Frp) om deponisaka: Sterkt kritisk til sms-ar til statssekretæren, og til at saka er avvist i kommunestyret.
– Eg er sjokkert over forsøka på å få departementet til å raske på behandlinga av reguleringsplansaka, seier Sylvi Listhaug.
Ho viser til sms-ar moldeordførar Torgeir Dahl (H) og tidlegare nessetordførar Rolf Jonas Hurlen (H) sende til statssekretær Heidi Nakken i Kommunaldepartementet, før møtet i Molde kommunestyre 6. februar. Sms-ane uttrykte ønske om snarleg avklaring.
– Prøvde å pushe
– Her er det eit tydeleg forsøk på å pushe fram ei avgjerd, ut frå ønske om å sleppe å ta opp saka i kommunestyret, seier Listhaug.
(pluss-artikkel)
– Reguleringsplanen må på agendaen
– Når det er fleirtal i kommunestyret i Molde mot reguleringsplanen og deponiplanen, bør saka komme opp igjen der. Noko anna er udemokratisk, seier Listhaug.
– Men ordførar og kommuneadvokat opplyser at jussen hindrar dette?
– Etter kommuneloven er kommunestyret kommunens øvste organ, og kan sjølvsagt endre eigne vedtak. Molde kommune kan anmode departementet om å avvente behandlinga av saka inntil kommunen har fått tatt stilling til saka i det nye kommunestyret – Molde kommune kan fatte vedtak om saker som angår Molde kommune. Når eit fleirtal vil ha saka opp på nytt, burde det vere naturleg å etterkomme. Så heller enn å be departementet om hurtigbehandling, burde det blitt varsla om situasjonen med fleirtal for ønske om ny behandling og anmoda om å avvente, seier Listhaug.