Nei til giftdeponi i nye Molde

Leserbrev av Knut Ødegård

Når eg les om mektige krefter som er i sving for å leggja eit nasjonalt giftdeponi til vårt nærområde, går tankane til dei åtvaringane som kjem frå den synske volva i edda-dikta: Ho ser inn i ei framtid der jag etter gull og makt fører til at skaparverket gradvis vert øydelagt og går til grunne. Ho ser ei elv som renn gjennom giftdalar mot dødsriket.

Det er vel ingen som hevdar at så drastiske ting vil skje om ein får eit giftdeponi lagt til Raudsand. Men det er mangt som tyder på at det vil få negative, svært negative verknader både for folket, jordsmonnet og vatnet.

Dei som kjempar ivrigast for å få dette deponiet, fører m.a. fram økonomiske argument. Det skal koma pengar i kommunekassa, det skal koma arbeidsplassar i distriktet.

Det motsette vil truleg skje. Og no skriv eg ut frå mi røynsle som pendlar mellom to land i snart førti år: Det andre landet mitt er Island.

Islendingane har hatt fiske, fangst og jordbruk som vktigaste næring i uminnelege tider. I dag er fiskeria og fiskeindustrien framleis viktig for sysselsettinga, fisken og fiskeprodukt er framleis ein stor eksportartikkel. Men i seinare år har turismen teke over som største eksportnæring.

Kvifor strøymer turistane til Island, ei forblåst øy ute i storhavet der vêrtilhøva slett ikkje er som i Tenerife eller på Gran Canaria – og der prisnivået heller ikkje er særleg lågt? Svaret er: På grunn av at landet er så unikt. Det har ein fantastisk natur. Turistane svarar også

påfallande ofte: Vi kjem fordi landet er så reint og uforurensa. Dei kjem i tusenvis frå forurensa storbyar for å oppleva unik urøyvd natur, rein luft og reint vatn – og nordlyset dansande på himmelen.

Her er eit stort potensiale også for vårt distrikt: Eg tenkjer at turismen etter kvart skal konkurrera med oljeindustrien om å vera vår viktigaste eksportartikkel. Dette er eit sterkt økonomisk argument mot Raudsand-prosjektet.

For kven vil dra til stader der gift sakte sig gjennom jorda, finn seg vegar ut i elv og fjord? Der det kjem skip på fjorden fullasta med giftig avfall? Og kven vil bu der? Kven vil la sine born veksa opp i eit område der ein har sett i gang eit høgrisikoprosjekt med farleg uorganisk industriavfall? Kva med folket som til no har hausta av jorda og sjøen?

Folket vil ikkje ha det.

Det er i år 75 år sidan demokratiet vart gjenreist i landet vårt etter fem lange års okkupasjon og diktatur. Vi skulle atter ha frie val, folkeviljen skulle avgjera korleis kommunar, fylke og stat skulle handtera saker som er viktige for fellesskapen. No opplever vi at det vert stilt spørsmål ved kommunestyrerepresentantanes kompetanse til å fatta vedtak i ei av dei viktigaste saker for oss alle. Dette dreier seg om framtida for folket som bur her i kommunen. Det dreier seg om busetnad, helse, næringsliv – og ikkje minst om vår sjølvråderett.

Eg har heile mitt vaksne liv rekna meg som verdikonservativ. Denne saka minnar meg i stigande grad om den folkelege mobiliseringa i 1972 og 1994 der folkefleirtalet sa nei – på tvers av partiliner, på tvers av høgre og venstre og blått og grønt og raudt: Folket reiste seg og sa at det vil vera herre i eige hus.

Det må vi gjera no og!

Ein stad må jo søppelet tømmast, er innvendinga eg får.

Ja, svarar eg, – men Raudsand er ikkje rette staden. For der er fjellkvaliteten dårleg, der talar geologien mot slik plassering, derfrå kan gifta finna seg vegar i jorda og til sjø og vatn, og dit er det lange transportvegar til lands og til sjøs.

KNUT ØDEGÅRD
Holmarka, 25. februar 2020

https://www.rbnett.no/meninger/2020/02/27/Nei-til-giftdeponi-i-nye-Molde-21195304.ece