Fryktar steinfylling kan rase

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal fryktar den voldsomme steinfyllinga som må til for å legge til rette kaiområdet på Raudsand kan rase og utløyse ein tsunami.

 I samband med planlegginga av det nasjonale anlegget for mottak av farleg avfall på Raudsand må det anleggast ei stor sjøfylling der skal fyllast opp med stein heilt ned på 170 meter djupne. Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal stiller spørsmål ved om dette er muleg å få til, og seier han er uroa for kva som kan skje dersom fyllinga tek til å rase etter at den er kome på plass.

– Er det muleg?

– Eg er undrande til om det verkeleg er muleg å lage ei sjøfylling med same helling som fyllingsdammane på dei store kraftmagasina som til dømes Aursjøen. Når slike fyllingar blir laga så stablar dei stein på stein med nøye utvald størrelse. På Raudsand er tanken berre å fylle opp frå lekterar. Utfyllingsvolumet er på fem millionar tonn. Massene er tenkt tatt frå utsprenging i dagen, frå tunnelar og to fjellhallar som skal sprengast ut.

Fryktar tsunami

Folden har sjekka litt rundt for å høyre om det er gjort slike enorme utfyllingar andre stader. Han har funne ei fylling, som gjekk ned til 80 meter. På Raudsand blir fyllinga over dobbelt så djup.

– Det ser ikkje ut at det tidlegare er køyrt i gang liknande prosjekt som er under planlegging på Raudsand. Med ei så bratt helling som det er i sjøen der vil det vere ein fare for at fyllinga kan rase etter at den er kome på plass. Kva skjer då? Når eit så stort volum flyttar seg frå ein stad i sjøen til ein annan relativt raskt, må vatnet som har volum nede på botnen flytte seg tilsvarande. Dette er oppskrifta på ei flodbølge eller ein tsunami som vi kallar det i våre dagar. Det har skjedd tidlegare i form av Storeggaraset. Der var langt større i volum som førte til at muslingar frå sjøen kunne finnast att i myr og tjern eit godt stykke oppe i lia på Vestlandet. Spørsmålet er kor stor ei slik bølge kan bli dersom det oppstår ras i fyllinga på Raudsand. Det kan ramme mange stader langs fjorden.

(pluss-artikkel)

https://www.driva.no/nyheter/2020/02/28/Fryktar-steinfylling-kan-rase-21204155.ece

https://www.rbnett.no/nyheter/2020/02/28/Fryktar-steinfylling-kan-rase-21204853.ece