Vi treng ikkje å deponere farleg avfall på Raudsand i Sunndalsfjorden

Av Bjørn Jacobsen, fylkesleiar Møre og Romsdal SV

Vi har ikkje tenkt å sende fiskeriavfall frå kysten til Oslofjorden og vil heller ikkje ha kjemiblandingane deira inst i våre fjordar, transportert rundt Stadt og over Hustadvika.

Eg sit på fleire ulike kjelder som seier at gruvene i Brevik ved Porsgrunn er best egna, sjølv om Ekspertutvalet innstilte på nokke anna. Bellona til dømes går for Brevik. Problemet er visstnok at dette blei ein valkampsak der ingen ville gjere nokke anna enn å støtte folket i Grenland. Forståeleg nok.

Avfallsminimering til null av farleg avfall er dyrt, tar lang tid og ein rest vil det bli til deponi. Langøya må stenges. Alle er på jakt etter å bli kvitt problemet – nokken er på jakt etter profitten og arbeidsplassane.

No må vi løyse problemet med å hindre at avfall oppstår. Vi kjem ikkje unna at ingen av giftstoffa blir borte og det kjem stadig nye blandingar av giftstoff som vi ikkje veit konsekvensane av.

Så kan ein lure på korfor SV eller andre ikkje har sagt dette før – Bellona har visstnok det, men dei blei hudfletta av andre miljø igjen. SV og andre parti har lagt fram konkrete forslag til å hindre at avfall oppstår i Stortinget.

Alt dette skjer fordi Regjeringa ikkje har klart å meisle ut avfallspolitikk som lar forureinaren, og ikkje miljøet og naboar til slike anlegg betale prisen.

Årsmøtet Møre og Romsdal SV uttala:

Sunndalsfjorden i Molde er ikkje egna til å vere nasjonalt anlegg for farleg uorganisk avfall. Miljødirektoratet seier: «Indre deler av Sunndalsfjorden er sterkt til meget sterkt forurenset av miljøgifter som følge av utslipp fra aluminiumverk og tidligere gruvedrift.»

Møre og Romsdal SV seier ja til ein nasjonal avfallspolitikk som hindra avfall i å oppstå. Mykje av avfallet vi snakkar om er flygeoske frå dei 20 forbrenningsanlegga som finns i Norge pluss det vi importera.

Vi må hindre at store delar av hushaldsavfallet går til forbrenning. Dette vil krevje at vi går sterkt vidare i arbeidet med kjeldesortering som er kommen langt i Norge. Bort med fraksjonar (avfall) som ikkje lett kan brukast om igjen eller gå til materialgjenvinning. Fraksjonar til energigjenvinning – forbrenning – må minimerast drastisk.

Forbrenningsanlegga må utstyrast slik at dei kan ta ut metall av oska slik at mengda farleg uorganisk avfall minimerast. Ikkje berre minimerast men metallet som tas ut kan brukast om igjen i staden for å bli til farleg avfall. NORSEP sin teknologi presentert på Miljøkonferansen i Telemark må i lag med anna teknologi utviklast og sikrast kapitaltilførsel. Med dette får vi handsaming av det farlege uorganiske avfallet der det oppstår og behovet for eit nasjonalt anlegg minimerast kraftig.

Møre og Romsdal SV ber Klima – og miljøminister Sveinung Rotevatn gå til Stortinget med ein ny avfallspolitikk som hindrar farleg uorganisk avfall i å oppstå i den mengda det gjer i dag og etablere anlegg for å materialgjenvinne det farlege uorganiske avfallet ved forbrenningsanlegga.

https://www.auraavis.no/vi-treng-ikkje-a-deponere-farleg-avfall-pa-raudsand-i-sunndalsfjorden/o/5-5-186531

https://www.driva.no/_incoming/2020/03/01/Vi-treng-ikkje-%C3%A5-deponere-farleg-avfall-p%C3%A5-Raudsand-i-Sunndalsfjorden-21219396.ece