Fornøgd med deponidebatt

Glad for at statsråden tek saka på alvor – vil ikkje sjølv flagge synspunkt på Raudsand-deponi.

Stortingsrepresentant Else-May Norderhus. 
        
            (Foto: Håkon Mosvold Larsen)
Stortingsrepresentant Else-May Norderhus.  FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN

(pluss-artikkel)

– Kva meiner du om Raudsand som lokalitet?

– Det er utfordringar og uro rundt både Raudsand og Brevik. Men seier ein nei til Raudsand, peiker ein samtidig på Brevik. Ingen vil ha deponiet i «sin bakgård», men ein plass må vere. Eg prøver å sjå saka ut frå eit nasjonalt perspektiv, saka er at industrien raskt må ha eit deponi på plass. Viktigast er at val av lokalitet er sterkt fagleg grunngitt, og vurdert som trygg. Om Raudsand ikkje blir vurdert som trygg, da blir det ikkje deponi der. Ein annan ting er om det er realistisk. Det må vere drivbart økonomisk, det ser også krevande ut når storaktøren Kronos Titan ikkje vil forholde seg til dei, seier Norderhus.

Ho poengterer at uansett er det statsråden sitt ansvar å finne ei løysing.

– Mitt mål no var å utfordre statsråden, det er han som må ta dette vidare og lande saka. Han har ein tøff periode i vente, mellom anna med å formidle dette med krav som vert stilt og at folk skal kunne kjenne seg trygge, seier Norderhus.

https://www.rbnett.no/nyheter/2020/03/04/%E2%80%93-Forn%C3%B8gd-med-deponidebatt-21250552.ece