Steinar Reiten: – Kroken på døra Harald Storvik: – Klarer oss utan

Steinar Reiten meiner det blir kroken på døra for Raudsanddeponi når Kronos Titan ikkje vil sende syreavfall dit. Bergmesteren avviser.

– Dette må vere kroken på døra for konseptet det er lagt opp til på Raudsand. Når Kronos Titan, som står for om lag halvparten av avfallet ikkje vil levere dit, fell grunnlaget bort, kommenterer stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF). Han viser til utspelet frå adm.dir. Jan Klauset i Kronos Titan, som både nektar å sende syreavfall frå Fredrikstad til Raudsand, og åtvarar lokale politikarar om planane om deponi for farleg, uorganisk avfall på Raudsand.

– Manglar grunnlag

I eit innlegg i debatten om deponi på Stortinget tysdag, viste Reiten til brevet frå Kronos Titan. Til Romsdals Budstikke poengterer han at han for å sjå alvoret i saka, må ein sjå på farleg avfall levert til Langøya i dag.

– Det består av 200.000 tonn flygeaske frå forbrenningsanlegg, og 200.000 tonn syreavfall frå Kronos Titan, som så vert blanda til nøytral gipssubstans. Om Kronos-syra uteblir, manglar halvparten av grunnlaget, seier Reiten.

– Den kan eventuelt erstattast av anna syre?

– Poenget med deponiet er jo først og fremst å handtere avfall frå norske industriaktørar. Å hente inn syre frå utlandet blir meiningslaust, seier Reiten.

(pluss-artikkel)

Trur nokon står bak

Storvik er irritert over måten Kronos Titan no har involvert seg i debatten.

– Eg forstår ikkje kvifor dei skal blande seg inn med brevskriving på denne måten. Det verkar som om nokon står bak, at dette er del av eit spel, seier Storvik.

https://www.rbnett.no/nyheter/2020/03/05/Steinar-Reiten-%E2%80%93-Kroken-p%C3%A5-d%C3%B8rap-Harald-Storvik-%E2%80%93-Klarer-oss-utan-21258370.ece

https://www.driva.no/nyheter/2020/03/05/Stortingspolitikar-om-at-stor-akt%C3%B8r-ikkje-vil-levere-avfall-%E2%80%93-Kroken-p%C3%A5-d%C3%B8ra-for-Raudsand-prosjektet-21267703.ece