Spørsmål til ordføraren i kommunestyret

Leserbrev av Bjørn Jacobsen (SV) i papirutgaven av Romsdals Budstikke

Molde Kommunestyre vedtok i møte 6.2.2020:

«Eventuell etablering av deponi av farleg avfall i Molde kommune tas opp til slik saksbehandling som lovverket gir åpning for og saksbehandlast til liks med andre saker som høyre til under saksområdet for hovudutval for teknisk, plan, næring og miljø

I mellomtida har Kommunaldepartementet godkjent reguleringsplanen frå tidlegare Nesset kommune.

I vedtaksbrevet frå departementet heiter det «Departementet føreset at Molde kommune gjer naudsynte endringar i planen i tråd med vedtaket». Korsen ser ordføraren for seg at dette skal gjerast?

Kva skjer no med det arbeidet som allereie er starta opp av kommunedirektøren i høve eventuell etablering av Nasjonalt deponi for farleg uorganisk avfall i Molde kommune?

Er dette allereie utførte førebuingsarbeidet av ein slik kvalitet at det kan vere med vidare når vi skal handsame denne, for miljø, trivsel og næring, viktige saka?

Hovudutval for teknisk, plan, næring og miljø er klar til å sette seg inn i denne komplekse saka som kjem til å komme tilbake i mange vendingar.

Kva gjer ordføraren for å sette kommunedirektøren i stand til å behandle og førebu denne type saker fram til politisk behandling?

BJØRN JACOBSEN
kommunestyrerepresentant SV