Reknar med politisk spel om deponiavgjerd

Geir Sørensen i Stena Recycling etter møte med klimaminister Rotevatn om status for Raudsand-alternativet.

Status: Tiltakshavar oppdaterte ministeren om status for prosjektet i Bergmesteren på Raudsand. 
        
            (Foto: Øyvind Leren)
Tiltakshavar oppdaterte ministeren om status for prosjektet i Bergmesteren på Raudsand.  FOTO: ØYVIND LEREN

– Eit ryddig og bra møte, der vi gikk gjennom prosjektet frå A til Å, særleg tilpassa at statsråden er ny og ikkje kjenner prosjektet frå før, oppsummerer Geir Sørensen i Stena Recycling, etter møtet der klimaminister Sveinung Rotevatn fekk orientering om deponiplanen på Raudsand.

Sørensen fortel om fagleg fokus og god tone, og at han opplevde statsråden som lyttande og med god forståing. Deponiaktørane stilte i møtet med departementet med Harald Storvik frå Bergmesteren Raudsand, John Strand frå Veidekke, Geir Sørensen og Thorbjørn Stensrud frå Stena Recycling.

(pluss-artikkel)

Frå Molde kommune deltok ordførar Torgeir Dahl, Rolf Jonas Hurlen og to frå administrasjonen på møtet. Det har ikkje lykkast Rbnett å få kontakt med dei for kommentar.

https://www.rbnett.no/nyheter/2020/03/20/%E2%80%93-Reknar-med-politisk-spel-om-deponiavgjerd-21400546.ece