Slik skal saker om Raudsand avgjerast i Molde kommune

Fleirtalet i kommunestyret vil ta bort delegering i saker som gjeld Raudsand, og la kommunestyret avgjere. Ikkje alle var eining.

Eit fleirtal i kommunestyret vedtok torsdag ettermiddag kommunedirektørens tilråding, i saka om saksbehandlingsprosess for etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand. Kommunedirektøren rådde kommunestyret til at alle saker, inkludert høyringar i samband med etablering av verksemd i samsvar med godkjend reguleringsplan Bergmesteren Raudsand, blir lagt fram til behandling i kommunestyret.

Utgangspunkt i februarvedtak

Bakgrunnen er vedtaket i Molde kommunestyre 6. februar, om at «Eventuell etablering av deponi av farleg avfall i Molde kommune tas opp til slik saksbehandling som lovverket gir opning for og saksbehandlast til liks med andre saker som høyrer til under saksområdet for hovudutval for teknisk, plan, næring og miljø. Saka går vidare til formannskap og kommunestyre og det vurderast tiltak for å oppfylle informasjonsplikta kommunen har til folk flest om ei så omfattande sak undervegs». Vedtaket tok utgangspunkt i interpellasjon frå Bjørn Jacobsen, SV.

(pluss-artikkel)

https://www.rbnett.no/nyheter/2020/05/14/Slik-skal-saker-om-Raudsand-avgjerast-i-Molde-kommune-21831663.ece